Frå 2021 til 2023 vart inntektene halvert for Johs. Jacobsen Kjøtt i Volda og i 2024 enda selskapet med eit lite underskot.
I fjor auka selskapet både inntekter og lønsemd og så langt i år er både inntektene og lønsemda høgare enn på same tid i fjor, seier dagleg leiar og eigar Stig Jacobsen.
Avtale for avtale
Det er ein gjennomgang av avtale for avtale med kundar og leverandørar, saman med ein betring i markanden som ligg bak framgangen, ifølgje Jacobsen.
– Vi har klart å hente ut litt her og litt der, seier han.
Industrileverandør
Selskapet har tilsama ti heil- og deltidstilsette, som tek i mot slakt og bearbeidar det vidare til store industrikundar som Nordfjord Kjøtt, Ole Ringdal og Gilde.
I tillegg har selskapet eit eige utsal i same bygg som produksjonslokala der selskapet mellom anna sel pinnekjøt til forbrukarane.
Utsalet blir ikkje marknadsført i det heile, men folk som har kjøpt pinnekjøpt kjem også att utanom julematsesongen. Det har medverka til ein vekst på omlag 40 prosent frå 2024 til 2025 og at utsalet no står for 10-15 prosent av omsetninga til selskapet, ifølgje Jacobsen.
| Johs. Jacobsen Kjøtt as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 31,5 | 27,4 |
| Driftsresultat | 1,2 | -0,3 |
| Resultat før skatt | 1,4 | -0,1 |
Publisert: 16.03.2026 11:44
Sist oppdatert: 16.03.2026 11:44






