Takka vere eit prosjekt som tilbyr gratis opphald for såkalla digitale nomadar, har Fjord kommune fått busett ein ny familie.
Det trengst i ei område der folketalet har gått ned dei siste åra. Etter å ha testa korleis det var å bu og jobbe i turistbygda Geiranger, har det belgiske paret Wouter Vergote og Twyla Mergan teke med seg to barn og designarjobbane sine – og flytta til nabobygda Norddal.
– Vi ville bu nærare naturen, og leve eit rolegare liv med meir tid til kvarandre medan barna er unge, fortel Wouter om motivet deira for å gjere sunnmøringar av seg.
Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
Skalerte ned verksemda i heimlandet
Paret kjem frå eit land med fleire enn 380 personar per kvadratkilometer, til eit land med kring 15 personar på same arealet.
– Samanlikna med Noreg er Belgia som éin stor by, og du kan aldri heilt sleppe
unna presset frå storsamfunnet. Uansett kvar du er, så høyrer du alltid støy frå bilar eller fly. Her er det ein heilt annan «vibe», fortel Twyla.
Å ta med seg jobbane har i utgangspunktet gått temmeleg knirkefritt for paret. Selskapet dei starta for 15 år sidan i Belgia, har dei skalert ned frå tolv tilsette til seks – inkludert dei sjølve.
– Dei tilsette gjer i stor grad arbeidet sitt uavhengig av oss, legg Wouter til.

Selskapet deira Kpot tilbyr tenester innanfor websider, merkevarestrategiar og grafiske uttrykk. I Belgia har dei jobba for både organisasjonar og styresmaktene. Nokre av oppdragsgivarane har dei halde på – samtidig som dei har starta med å knyte sine første kontaktar her i regionen.
– Var ikkje budde på den suksessen
På Norsk Fjordsenter i Geiranger har Katrin Blomvik fått «blod på tann» etter første sesongen med å invitere digitale nomadar. Responsen var over all forventning. Det gav sjefen for verdsarvsenteret eit uventa luksusproblem med å skaffe seg oversikt.
– Vi var ikkje budde på den suksessen vi fekk. På førehand tenkte vi at «det er sikkert nokre som er interesserte», men å få over 300 søknadar var over alle støvleskaft, seier Blomvik.
Ho legg ikkje skjul på at det blei nokre overtidstimar for å sortere alle som hadde søkt. For når dei først hadde invitert folk, følte ho at dei måtte gjere jobben skikkeleg.
Dei ville vite både kva motivasjon søkjarane hadde, kva dei ønskte seg frå lokalsamfunnet – og kva dei sjølve kunne bidra med.

Fekk hjelp til å automatisere
– Vi har skjønt at vi må rigge oss betre for å handtere dette framover. Og vi har faktisk fått hjelp av nokre av dei digitale nomadane til å automatisere søknadsprosessen, fortel Blomvik.
Det kan dei prise seg lukkeleg over i gjennomføringa av runde nummer to hausten 2025. Då fristen gjekk ut, hadde det kome inn 15.000 søknadar.
Blomvik fortel at arbeidet undervegs har gitt dei mykje informasjon om kva dei besøkjande har opplevd som bra og mindre bra.
– Kor godt dei ble tekne imot i bygdene, overraska meg litt. Dei blei ikkje tekne imot som turistar eller reisande, men blei inkluderte og sett på som nysgjerrige på lokalsamfunnet vårt, fortel ho.
Kommuner med svakast utvikling i folketallet i Møre og Romsdal 2015-2025:
Fjord -7,8 prosent
Sande -7,6 prosent
Vanylven -6,4 prosent
Stranda -4,9 prosent
Aure -4,4 prosent
Rauma -3,3 prosent
Sykkylven -1,1 prosent
Tingvoll -0,4 prosent
Surnadal -0,4 prosent
Sande - 0,1 prosent
Første auke i folketalet på lang tid
Sjølv om Stranda kommune er mellom dei med dårlegast utvikling i Møre og Romsdal når det gjeld demografi, hadde turistbygda Geiranger i 2023 ein auke i folketalet for første gong på fleire tiår.
Blomvik på Fjordsenteret legg ikkje skjul på at det er ein langtekkeleg prosess å snu folketalsutviklinga i bygda.
Hotel Union Geiranger er ei av bedriftene som har gjort ein skilnad med å satse meir på heilårsdrift.
– Det er ei hjørnesteinsbedrift som heile tida prøver å rekruttere familiar sjølv om det ikkje nødvendigvis er det enklaste for dei. Dei har vore bevisste på at vi treng eit levande lokalsamfunn, seier Blomvik.
«Kjempeutfordring» å skaffe husrom
Men for at fleire heilårstilsette skal ha ein plass å bu, har hotellet sett seg nøydd til å bygge bustader til dei.
Strengt teke manglar det ikkje hus og bygningar i Geiranger, men mange blir leigde ut til turistar eller nytta som feriehus av lokale familiar.
– Det er ei kjempeutfordring som vi er nøydde til å jobbe mykje meir med framover, seier Blomvik.
For eksempel er mindre bustader for unge ei mangelvare.

Har opplevd byråkratiske hinder
For familien frå Belgia vart løysinga å leige eit hus i nabobygda. Med utsikt mot fjorden og Kyrkjefjellet trivst dei godt. Dei har betre tid med barna og ein natur rett utfor døra dei kan bruke heile livet på å utforske.
Men ikkje alt ved å flytte til Noreg har vore enkelt.
– Det er ikkje alltid reglane du skal følgje, heng saman, og ofte er det slik at ein må gjere «dette før ein kan gjere dette», seier Wouter.
For eksempel må ein – for å få oppretta Bank-ID for å sende fakturaer – ha eit
ID-nummer, og det kan det ta tid å få skaffa seg. Det er også eit krav at ein må registrere bilen sin innan 30 dagar – men ein må vente over ein månad for å få avtale med politiet for å legge fram dokumenta sine.
– Slike ting forseinkar oss, legg han til.

Nomade-prosjektet var avgjerande
Det belgiske paret har ikkje bestemt seg for om valet om å flytte til Noreg er permanent. Men dei lærer seg språket og planlegg å vere her ein lengre periode – så får dei sjå.
Dei er ikkje i tvil om at ordninga «Arctic Digital Nomades» har vore avgjerande for at dei valde å ta steget og flytte.
Tidlegare har dei forsøkt seg på eiga hand med å reise rundt for å sjå på plassar dei kunne tenkt seg å bu – men har opplevd at det har vore vanskeleg å orientere seg.
– Ved at ein får vere her i to månader, får ein tid både til å førestille seg korleis det vil vere å bu her, og til å finne ein plass å bu og knyte kontaktar, seier Twyla.
Paret ser føre seg ei gradvis endring i kundemassen frå dei belgiske kundane sine til kundar i den norske marknaden.
Samtidig set dei pris på måten det å flytte til Noreg har påverka arbeidskvardagen deira på.
– Fordi vi vaks til tolv tilsette, opplevde vi at jobben bestod av andre oppgåver enn det som var utgangspunktet for at vi ville jobbe i designbransjen. Det var også ein motivasjon for å «downsize» verksemda, seier Twyla.
– Vi likar å halde det enkelt, legg Wouter til.
– Sit på eit fantastisk potensial
Verdsarvdirektør Katrin Blomvik er slått av at mange av dei som søkte om opphald som digitale nomadar, verka genuint interesserte i å leve eit liv ute av «hamsterhjulet» og nærare naturen, der ein slepp å pendle og kan leve eit rolegare liv.
– Eg meiner at heile regionen vår sit på eit fantastisk potensial. Vi har bedrifter som skrik etter folk og arbeidskraft. Samtidig har vi dette fantastiske landskapet rundt oss som eg meiner vi ikkje har fått vist fram godt nok, seier Katrin Blomvik .
I ei meir uroleg verd trur verdsarvsjefen at slike kvalitetar kan bli viktigare for fleire.
– Det handlar om kor godt folk kan ha det når dei bur her, seier ho.
Publisert: 01.01.2026 05:00
Sist oppdatert: 31.12.2025 15:55






