Moglegheita til å busette seg ei periode i Geiranger med gratis bustad og kontorplass, fristar svært mange. Førebuingane til andre «sesong» av prosjektet Arctic Digital Nomads er i gong, og responsen er over all forventing.
– Denne veka passerte vi 2500 søkjarar. Det er heilt vilt, fortalde direktør Katrin Blomvik ved verdsarvsenteret i Geiranger til Nett No før helga.
Oppdatert: Tidleg måndag er det kome inn heile 7.500 søknadar.
Fristen for å søke går først ut den 15. oktober, så det endelege talet kan framleis bli ein del høgare.
Meiner regionen har stort potensiale
Turistbygda i Stranda er med på prosjektet saman med lokalsamfunn på Island og Færøyane. Målet er å få folk til å slå seg ned i bygdene for godt.
Katrin Blomvik meiner prosjektet viser at Nordvestlandet har moglegheiter ein kan utnytte betre i rekrutteringa av nye innbyggjarar.
– Eg meiner at heile regionen vår sitt på eit fantastisk potensiale. Vi har bedrifter som skrik etter folk og arbeidskraft. Samtidig har vi dette fantastiske landskapet rundt oss som eg meiner vi ikkje har fått vist fram godt nok, seier ho.
Har automatisert søkjeprosessen
Då dei inviterte digitale nomadar første gong i fjor, søkte kring 300 personar om å få stipend til å busette seg i Geiranger.
Blomvik fortel at dei ble teke på senga den gong, og fekk ein stor jobb med å gå gjennom alle søknadene.
I år kan dei prise seg lukkeleg over at søknadsprosessen er automatisert – takka vere to av fjorårets deltakarar.
Eit belgisk par med to døtrer har busett seg i nabobygda Norddal etter at dei deltok på fjorårets prosjekt – og kunne hjelpe til med arbeidet.
– Ny type kompetanse inn i nærmiljøet
Blomvik fortel at mange av dei digitale nomadane som søkte seg til Geiranger i første runde hadde sokalla kreative yrke, som fotografar og forfattarar, men det var óg it-folk og lærarar som dreiv digitale undervisning.
– Og mange hadde fleksible jobbar der dei kunne jobbe på heimekontor eller kontorfellesskap, seier ho.
– Vi opplevde samtidig å få ein ny type kompetanse inn i nærmiljøet. For oss er det til eksempel ikkje kvardagskost å ha it-spesialistar på bygget, seier verdsarvdirektøren.
Publisert: 13.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 13.10.2025 09:23






