Japanske kraakebolle avtale for Teige
AVTALE: Brian Takeda i Kaston har sikra selskapet retten til å selge Nofimas kråkebollefôr i Japan.
Nytt

Japanske kråkebolle-avtale for Teige

Sigurd Teiges kråkebolleselskap skal selge kråkebollefôr til Japan.

25.06.2016
Teiges selskap Kaston har inngått ein avtale om å produserer og selge kråkebollefôr som er utvikla hos den norske forskingsinstitusjonen Nofima.
Avtalen er inngått med det japanske selskapet Nosan, som er ein del av Mitsubishi-konsernet, og Kaston har lisens frå Nofima på å kommersialisere fôret i Japan.
Avtalen og fôret blir presentert på Nofimas anlegg i Bergen på mandag.

22 års arbeid

Administrerande direktør Nils Haga og divisjonsdirektør Øyvind Fylling-Jensen i Nofima skriv i eit innlegg i Dagens Næringsliv at det ligg 22 års arbeid bak fôret.
Fôret skal vere tørt, men like vel kunne sekke ned til kråkebollane på botnen. Det må vere appetittvekkande og ikkje bli raskt oppløyst i vatn, slik at kråkebollane fåt lyst og tid til å ete fôret.
Testar viser at fôret gjer at rogninnhaldet i kråkebollane aukar frå fem til 25 prosent på to månadar.

Satsar på Japan

Kråkebolle-satsinga i Kaston blir leia av Brian Takeda, og det er Japan som er målet for satsinga i første omgang.

Japan er verdas største marknad for kråkebollar. Det er rogna som er ettertrakta, og testar som er gjort med Kastons metode viser at det er råd å fôre opp kråkbollane slik at matinnhaldet blir større enn på ein vill kråkebolle, i følgje Takeda.
Ein kråkebolle som går tom for mat kan gå i dvale i lang tid, og det er desse kråkebollane Kaston satsar på kan hentast opp av dykkarar, fôrast opp i norskutvikla oppdrettskasse og med norskutvikla fôr og gjerast om til eit kommersielt produkt.

Øydelagt av tsunami

Tsunamien i 2011 øydela mykje av tareskogen i Japan, og dermed også kråkebollebestanden. Den er framleis hard råka, og difor har det også opna seg gode sjansar for det norskutvikla kråkebollefôret.
Nofima rosar Kaston for ei svært viktig rolle i å få kommersialisert fôret.


Publisert: 25.06.2016 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58