Jarnes inn i kontraktsmarknaden
TRAVELT : Frank Willy Utgård i Jarnes Møbler har måtte leigd inn ekstrahjelp i dei vanlegvis stille vintermånadane.
Nytt

Jarnes inn i kontraktsmarknaden

Færre konkurrentar har opna ein ny marknad for Frank Willy Utgård og kollegaene i Jarnes Møbler.

06.03.2019
Frå å vere ei bedrift som først og fremst sel møblar til privatkundar ligg kontraktsmarknaden an til å bli Jarnes Møbler sin viktigaste marknad i år.
Med tre tilsette er Jarnes Møbel ein mygg i møbelbransjen, men ein mygg som veks.
I fjor såg dagleg leiar og medeigar Frank Willy Utgård at selskapet vann innpass i kontraktsmarknaden - møblar til bedrifter og offentlege rom.

Nok arbeid

I januar, februar og mars har Jarnes fullt opp med å lage møblar til kontraktsmarknaden. Det er vanlegvis dei stillaste månadane, men no har selskapet leigd inn ekstrahjelp.
Utgård seier det har opna seg ein nisje for selskapet, mellom anna fordi til dømes hotell som treng spesiallaga møblar til ei oppussing har vanskar med å finne møbelbedrifter som kan levere.
- Det er det nesten ingen som tek på seg lenger, seier han.
Ut frå slutten av 2018 og starten på 2019 anslår han at selskapet i år vil selje møblar for rundt 3,5 millionar kroner og at kontraktsmarknaden vil stå for over halvparten av inntektene.

Netthandel

Driftsinntektene i 2018 blei på line med 2017 - som var under forventningane - men lønsemda gjekk opp. Det skuldast ein nøye gjennomgang av produksjonen for å finne ut kvar det kunne kuttast ned på produksjonstida, kombinert med nokre større ordrar der selskapet kunne produsere større seriar.
Botnen for selskapet blei nådd med 1,1 millionar kroner i driftsinntekter i 2015, som blei det tredje året på rad med underskot.
Då la selskapet om og satsa på direktesal nettet, men eigne møblar og eige varemerke. Frå 2016 har det vore plussresultat.

Publisert: 06.03.2019 05:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32