Jets satsar paa Karsten Warholm
AVTALE: Morfaren var med på å byggje opp Jets. No har Jarsten Warholm skrive personleg sponsoravtale med Jets og direktør Jan Tore Leikanger.
Nytt

Jets satsar på Karsten Warholm

Friidrettstalentet Karsten Warholm frå Dimna får Hareid-bedrifta Jets Vacuum som personleg sponsor.

19.02.2016
Avtalen gjeld i første omgang for tre år.
Warholm sin morfar, Kåre Audun Haddal, var sentral i oppbygginga og framveksten til vacuumtoalettprodusenten Jets Vacuum heilt frå 1989 og fram til han døydde i 2014.
I ei pressemelding vert det opplyst at arbeidet som vart gjort i dei åra har ført til at bedrifta no er verdsleiar på sitt felt, og bana veg for overskota som gjer at det dryp midlar på både idrett og kulturliv i heile regionen.

Avhengig av lokal støtte

No er altså barnebarnet Karsten ein av dei som får nyte godt av selskapet sin suksess, vert det fastslått.
Warholm har mellombels flytta til, Oslo, der han studerer økonomi og administrasjon, men seier at han er avhengig av lokal stønad.
- I Oslo er det ein heilt annan konkurranse om sponsorane, så det er lettare for meg å få med bedrifter heimanfrå på laget. Stønaden frå Jets og andre sponsorar har dessutan vore avgjerande på alle måtar for klubben min, Dimna IL.
I avtalen ligg det ein opsjon på ytterelegare tre års samarbeid.
- Ja, opsjonen på tre nye år kjem vi nok til å nytte oss av. For eg har sterk tru på utviklinga til Karsten og at anerkjenninga hans i idrettsverda vil halde fram med å stige, seier Jets-direktør Jan Tore Leikanger.
Eg har sterk tru på utviklinga til Karsten og at anerkjenninga hans i idrettsverda vil halde fram med å stige

Publisert: 19.02.2016 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53