ABB skal levere eit hybrid framdriftssystem og kraftpakke til ein brønnbåt Aas Mek. Verksted i Vestnes skal bygge.
Det er færøyske Nova Sea Service som har bestilt det 77 meter diesel-elektriske fartøyet som skal leverast i september neste år. Dette er det andre nybygget til reiarlaget.
– Vi har både prosjektleiar og ingeniørar som jobbar med dette, i tillegg til produksjon av styretavler til kraftsystemet. Også salsavdelinga har vore aktive i dette, fortel Pål-Ove Husøy, som er leiar for nysal i den norske maritime marknaden, til NETT NO.
Batteri som tek unna «toppane» når brønnbåten går med stor bruk av motorkraft, vil vere med å gjere fartøyet til eitt av dei mest klimavennlege av sitt slag.
– Men vi har kome oss godt gjennom og konsekvensane har vore avgrensa. Ting har gått litt saktare, men no ser vi framover og håpar ting vil normalisere seg. Vi ser fram til hausten, legg han til.
I dag er dei i underkant av 70 tilsette ved Ulsteinvik-avdelinga.
– Dette er ein svært avansert brønnbåt der energieffektiviteten bidreg til berekraft i forsyningskjeda den jobbar i og til omgjevnadene, uttaler Sindre Sætre som leiar den maritime verksemda til ABB, i ei .
Verftssjef Halvard Aas ved Aas Mek. Verksted seier at kundane blir meir bevisst på behovet for berekraft i næringa.
Det er færøyske Nova Sea Service som har bestilt det 77 meter diesel-elektriske fartøyet som skal leverast i september neste år. Dette er det andre nybygget til reiarlaget.
Gir arbeid i Ulsteinvik
Oppdraget med å levere det dieselelektriske framdriftssystemet med to motorar, i tillegg til system for energilagring og kraftfordeling, gir arbeid til tilsette ved Ulsteinvik-avdelinga.– Vi har både prosjektleiar og ingeniørar som jobbar med dette, i tillegg til produksjon av styretavler til kraftsystemet. Også salsavdelinga har vore aktive i dette, fortel Pål-Ove Husøy, som er leiar for nysal i den norske maritime marknaden, til NETT NO.
Batteri som tek unna «toppane» når brønnbåten går med stor bruk av motorkraft, vil vere med å gjere fartøyet til eitt av dei mest klimavennlege av sitt slag.
Har merka korona
Også ved ABB har dei merka koronakrisa, mellom anna ved at ein del servicearbeid har blitt vanskeleg å gjennomføre. Det har også ført til at det har blitt meir bruk av digital support av kundane deira.– Men vi har kome oss godt gjennom og konsekvensane har vore avgrensa. Ting har gått litt saktare, men no ser vi framover og håpar ting vil normalisere seg. Vi ser fram til hausten, legg han til.
I dag er dei i underkant av 70 tilsette ved Ulsteinvik-avdelinga.
– Bidreg til berekraft
Brønnbåten til Nova Sea Service vil ha kapasitet til å frakte 3000 kubikk fisk. Det er mogleg å dele opp tanken og systemet for vatnbehandling ved hjelp av ultrafiolett lys, skal bidra til å betre fiskevelferda og unngå stress.– Dette er ein svært avansert brønnbåt der energieffektiviteten bidreg til berekraft i forsyningskjeda den jobbar i og til omgjevnadene, uttaler Sindre Sætre som leiar den maritime verksemda til ABB, i ei .
Verftssjef Halvard Aas ved Aas Mek. Verksted seier at kundane blir meir bevisst på behovet for berekraft i næringa.
Les også:
Vi har kome oss godt gjennom og konsekvensane har vore avgrensa
Publisert: 16.06.2020 11:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58