Stilasmontering foto stilasmontering 11
KONKURS: Etter skiftande resultat dei siste års, melde tidlegare Stillasmontering oppbod til Møre og Romsdal tingrett nyleg. Foto: Stilasmontering
Nytt

Jobbar for ny drift etter oppbod

Stillasmontørar klarte ikkje bygge seg opp etter koronaknekken.

Marius Rosbach
27.02.2023

Selskapet Byggmontering – tidlegare Stillasmontering, melde nyleg oppbod til Møre og Romsdal tingrett. No jobbar eigar Jan Ole Strand med å vidareføre delar av drifta i eit anna selskap.

NETT NO omtalte i fjor korleis stillasmontørane hadde hatt ei jo-jo-utvikling med rekordomsetning i 2021, etter at 2020 baud på koronabrems og underskot etter at arbeidarane deira ikkje fekk kome til Norge for å jobbe.

– Vi starta å tilsette norske arbeidarar, og såg ut til å skulle greie å kome oss, men sleit med å få lån til å investere og auke volumet, fortel Strand om bakgrunnen for konkursen.

Vil ta drifta vidare i nytt selskap
Strand fortel at det har vore hard konkurranse om pris i marknaden. No blir det jobba med å gjere om investeringsselskapet Fjord Stillas til eit driftsselskap, som kan ta over delar av drifta.

Førebels er dei i gong med to tilsette, for å rive delar av stillasa som står oppe.

- Vi ser føre oss å halde på med stillas og lett fasadearbeid, i staden for å ha «alt» av sentralgodkjenningar for å oppføre bygg og vidare, seier Strand.

- Er i dialog med banken
Bustyrar Axel Villads Lange stadfestar at det blir jobba med at det nye selskapet kan ta over nokre av prosjekta til Stillasmontering.

– Eigaren er i dialog med banken som har pant i buet, og det kan vere aktuelt at delar av drifta blir vidareført, seier han NETT NO.

– Prosessen har vore god og leiinga har vore samarbeidsvillige og flinke til å legge fram dokumentasjon for kva som har skjedd, legg han til.

5,2 millionar i gjeld
Det konkursråka stillasselskapet blei starta i 2016 og hadde åtte tilsette då leiinga melde oppbod. Gjelda var på 5,2 millionar og verdiane i selskapet på kring 3,5 millionar, ifølgje rettspapira frå tingretten.

Lange fortel at han førebels har motteke lønnskrav frå fire av dei tilsette.

Publisert: 27.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 27.02.2023 05:17

Mer om