Jobbar saman på 100-millionars-oppdrag
Acel har teke med Tempra og Møre Trafo i eit oppdrag der dei samarbeidar med ABB om å elektrifisere ferjesamband.
Dei to Ålesund-selskapa Acel og Tempra har gått saman med Møre Trafo frå Sykkylven for å levere utstyr som bidreg til å elektrifisere to ferjesamband for Torghatten på Helgelandskysten.
Acel har hatt stor vekst dei siste åra, og eit av satsingsområda er eit eigenutvikla system for landstraum. Sjølv om styreleiar Kjell-Christian Krohn Dale i Acel er nøgd med fjoråret, kan ikkje rekneskapen måle seg heilt med rekordåret 2019.
– Vi bikkar 200 millionar kroner i omsetning, og slik verdssituasjonen er no, er det eit godt og tilfredsstillande resultat, seier Krohn-Dale til NETT NO om 2020-tala førebels.
Koronapandemien har ført til utsetting av nokre oppdrag, og praktiske utfordringar med å halde framdrifta i andre.
Samarbeid med ABB
Det nemnte Torghatten-oppdraget har vore mellom prosjekta som har gitt gode inntekter i 2020, og har ein totalverdi på meir enn 100 millionar.
I tillegg til at Acel har teke med Tempra i Ålesund og Møre Trafo i Sykkylven på sin del av oppdraget, samarbeider dei med storkonsernet ABB, 'som mellom anna har ei avdeling i Ulsteinvik.
– Vi har no etablert ein velfungerande samarbeidsmodell med ABB og fleire lokale aktørar, som vi ønsker å bygge vidare på. Saman jobbar vi no med å konkurrere om landstraumsystem til hamner i Norge, uttalar Krohn Dale i ei pressemelding i samband med oppdraget.
Han ser store moglegheiter til meir jobb for Acel med anlegg for landstraum. Når skipa er tilpassa bruk av landstraum, kan dieselmotorane kan slåast av til kai, slik at ein kuttar utslepp og skapar mindre støy i hamna.
Leverer anlegg på land
På dei to ferjesambanda Horn-Andalsvåg og Vennesund-Holmpå skal Torghatten Trafikkselskap bygge fire ladestasjonar, der Acel leverer utstyr.
- Det står stor respekt av at Torghatten vel å gjennomføre dette positive miljøprosjektet sjølv om dei ikkje har blitt pålagt dette, og vi er stolte av å få bidra, legg Krohn-Dale til i meldinga.
I tillegg skal pendelferja MF Torghatten byggast om til hybriddrift. Reiarlaget har også ei ny ferje under bygging i Tyrkia. På Horn-Andalsvåg-sambandet blir det lagt opp til 100 prosent elektrisk drift, medan Vennesund-Holm vil få anslagsvis åtte prosent eldrift, og resterande diesel-elektrisk.
Leverte på to vekers varsel
Systemet som Acel har designa, følgjer standarden IEC PAS 80005-3, og er på lager slik at leveransen kan skje fort.
Rask responstid fekk dei god bruk for i eit oppdrag for reiarlaget Island Offshore, som har fått levert anlegg for landstraum til tre skip – og har tinga to tilsvarande system for levering i 2021.
– Det er svært handlekraftig når vi kan ringe og be dem levere til oss på to vekers varsel, og det er også noko som gir stor verdi for oss som kunde for å kunne vinne nye kontraktar, uttalar teknisk sjef Trond Hauge i Island Offshore i meldinga.
Installerte til havs
For eit anna lokalt reiarlag, Rem Offshore, ble installasjonen gjort til havs, slik at reiarlaget slapp å legge skipet til kai medan arbeidet blei gjort.
Det klarte dei ved at tre montørar blei henta med mob-båt frå Ålesund, og frakta ut til Rem Artic då skipet var på veg forbi Ålesund.
Ronny Pål Kvalsvik som har ansvaret for innkjøp og det tekniske hos Rem Offshore, fortel at samarbeidet mellom reiarlaget, Acel og Haf Power Solutions, fungerte godt og gjorde at installasjonen kunne gjerast utan å ta fartøyet ut av drift.
Les også: Feirer kjemperesultat med bonus
Tempra ansetter dyktige kuldemontører på dagen
Møre Trafo med ny rekordomsetning
Tek utbytte på 16,9 millionar etter rekordår
Vi bikkar 200 millionar kroner i omsetning, og slik verdssituasjonen er no, er det eit godt og tilfredsstillande resultat
Publisert: 01.02.2021 10:08
Sist oppdatert: 13.07.2022 22:11