NTB V3 Q9k Wmt JJU 1 ikkje bruk
MEIR INFORMASjON: Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland seier informasjon om arbeidsmarknaden kan bli betre. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Jobbtryggleik viktigast når unge vel utdanning

Halvparten meiner det er vanskeleg å finne god informasjon om kva jobbmoglegheiter studia gir.

NPK
17.02.2026

NPK: For åtte av ti unge er utsikta til sikker jobb det viktigaste når dei skal velje utdanning. 

Dette går fram av ein ny rapport frå Rambøll på oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

– I dag manglar vi kompetanse på fleire område, og det vil vere gode jobbmoglegheiter i fleire bransjar framover. Undersøkinga viser at vi kan bli endå betre på å gi unge informasjon. Det kan gjere det lettare å ta gode utdanningsval og få fleire søkjarar til utdanningar som arbeidslivet treng, seier forskings- og høgareutdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) i ei pressemelding.

Det går fram av undersøkinga at 81 prosent av dei spurde ser det som viktig at det er viktig at det er behov for folk med utdanninga i framtida. Dei ønskjer utdanningar som gir sikre jobbar og som held høgt fagleg nivå. Dei er mindre opptekne av forhold som status, høg løn, moglegheiter for utanlandsarbeid og kor enkelt det er å fullføre studiet.

For 87 prosent er det viktigaste at yrkesvalet passar eigne interesser og dugleik.

Samstundes svarar 48 prosent at det er vanskeleg å finne informasjon om arbeidsmarknadene og moglegheitene for å få jobb, og dei fleste synest det er vanskeleg å velje rett utdanning.

Dei spurde oppgir at dei viktigaste kjeldene for utdanningsval er internett, skule- og bedriftsbesøk og foreldre. Blant sosiale medium skil Snapchat, Tiktok og YouTube seg ut som viktige informasjonskjelder for nær 30 prosent av dei spurde.

Publisert: 17.02.2026 10:26

Sist oppdatert: 17.02.2026 10:26