Jordbruket blir skjerma i ny klimaplan
KONKRET: Statsminister Erna Solberg seier Noreg for første gong legg fram konkrete verkemiddel for å nå klim.amåla. Biletet er får dagens pressekonferanse.
Nytt

Jordbruket blir skjerma i ny klimaplan

Det kjem ingen nye krav om kutt i jordbruket i den nye klimaplanen til regjeringa for 2021–2030.

08.01.2021
NPK-NTB: Klimaplanen byggjer i staden vidare på den avtalen jordbruket allereie har inngått med styresmaktene, opplyser Landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding.

Klimaavtalen for jordbruket vart inngått i juni 2019.
I avtalen forpliktar partane seg til å arbeide for utsleppskutt og auka opptak av CO2 tilsvarande 5 millionar tonn for perioden 2021–2030. I den nye klimaplanen som vart lagt fram fredag, er det framleis dette målet som gjeld.
– I klimaplanen slår vi fast at klimaavtalen mellom staten og jordbruket er berebjelken i det vidare klimaarbeidet i landbruket, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Skal ikkje råke matproduksjonen

I den store utgreiinga Klimakur 2030 kjem det fram at det største potensialet for utsleppskutt i jordbruket ligg i ein reduksjon i produksjonen av raudt kjøtt. Men i avtalen jordbruket har inngått med regjeringa, blir det lagd til grunn at utsleppa skal kuttast utan at det går ut over matproduksjonen.
Ein stor del av kutta som ligg inne i avtalen, blir dessutan bokført formelt som kutt i utslepp frå sektorar som transport og bygg, og ikkje som utslepp frå jordbruk.

Kraftig auka CO2-avgift

I den nye klimaplanen går regjeringa inn for ei skjerping av CO2-avgifta til 2.000 kroner per tonn i 2030, mot 590 kroner i dag.
– Klimaplanen er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding fredag.
Den nye klimaplanen dekkjer perioden frå 2021 til 2030.
Hovudvekta ligg på tiltak innanfor såkalla ikkje-kvotepliktig sektor, men regjeringa varslar òg grep som skal gi utsleppskutt innanfor industri og olje- og gassverksemd. I tillegg tek planen for seg skogbruk og arealbruk.
– For første gong legg ei regjering fram ein truverdig, heilskapleg plan for å få ned utsleppa i alle sektorar. Det skal lønne seg å kutte utsleppa, seier Rotevatn.
Eit hovudgrep er skjerping av CO2-avgifta.
Ho skal gradvis trappast opp til 2.000 kroner per tonn i 2030, mot 590 kroner i dag. Auken skal gjere det dyrare å sleppe ut CO2 – og meir lønnsamt å kutte utsleppa.
Regjeringa legg dessutan inn ein premiss om at samla skatte- og avgiftsnivå ikkje skal auke. Det betyr at auka avgifter vil bli motsvart av tilsvarande skatte- eller avgiftslettar på andre område.

Vil ha ned transportutsleppa

Innanfor ikkje-kvotepliktig sektor er målet at utsleppa av klimagassar skal kuttast med 45 prosent frå 2005-nivå innan 2030. Desse kutta skal skje nasjonalt i Noreg.
Ikkje-kvotepliktig sektor dekkjer transport, bygg, avfall, jordbruk og noko industri og olje- og gassverksemd. Til saman er det snakk om rundt halvparten av Noregs samla utslepp.
Det er spesielt transport regjeringa går laus på i den nye planen sin.
Det blir strengare klimakrav i offentlege innkjøp:
* frå 2022 blir det krav om nullutslepp i offentlege innkjøp av personbilar og lette varebilar.
* frå 2025 blir det tilsvarande for bybussar.
Det skal i tillegg stillast krav om låg- eller nullutslepp i nye ferjeanbod frå 2023 og noko seinare for hurtigbåtar og servicefartøy i havbruket.

Skal ha vekst

– Regjeringa vil kutte utslepp på ein måte som omstiller Noreg til å bli eit lågutsleppssamfunn, og få grøn og berekraftig vekst. Vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga. Økonomisk vekst og verdiskaping er ikkje eit hinder for å nå dei norske klimamåla, det er faktisk ein føresetnad, sa statsministeren på ein pressekonferanse fredag om den nye klimaplanen.
Noreg har forplikta seg gjennom Parisavtalen til å kutte utsleppa fram mot 2030.
– I dag legg vi fram ein klimaplan som viser korleis regjeringa vil nå dei norske klimamåla for 2030. Dette er den første klimameldinga der vi legg fram konkrete verkemiddel for å følgje opp dei måla og forpliktingane vi har, sa Solberg.

Publisert: 08.01.2021 13:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11