Jubeltider paa alle frontar
INVESTERER: Ulstein Betongindustri invester 40-50 millionar kroner i anlegg og produksjonsutstyr i denne 12-månadersperioden. Konsernet fekk rekordresultat i 2013.
Nytt

Jubeltider på alle frontar

Ulstein Betongindustri har aldri drive meir lønsamt enn i 2013. Blir like bra i år.

05.09.2014
-Det er ein breinnheit marknad, seier dagleg leiar Harald Sætre i Ulstein Betongindustri.
Det familieigde selskapet fekk i fjor sitt beste resultat nokon gong.
Verksemda leverer betong til byggjebransjen, byggjer fôrflåtar til oppdrettsnæringa og ulike flytande installasjonar til hamner og småbåtanlegg, driv knuseverk, entreprenørselskap og har og eige transportselskap.

Alt går bra

I eit normalt år varierer aktiviteten i dei ulike dotterselskapa. Men 2013 var ikkje eit normalt år. Ulstein Betongindustri hadde fullt trøkk over heile fjøla, og rekrutterer nye folk.
Eigen arbeidsstokk er no rundt 60 personar, og i tillegg er 10-20 tilsette hos underleverandørar.
2014 ser ut til å bli like godt som 2013, også når det gjeld lønsemda, i følgje Sætre.
-Hittil i år held vi fram som vi stima, og slik 2013 vart avslutta. Det er full peis, og eit bra år, seier Sætre om utviklinga 2014 så langt.

Investerer 50 millionar

Ulstein Betongindustri investerer stort i anlegg og utstyr i løpet av året. Utviding av dokka ved hovudanlegget i Haddal sto ferdig i april, og selskapet har og fleire andre investringsprosjekt underveg. I løpet av ein tolvmånads-periode er det snakk om investeringar på 40-50 millionar kroner, anslår Sætre.
Den neste store investeringa kan bli ny dokk på Kvalneset, nokre få kilometer vest frå Haddal på vegen mot Ulsteinvik. Planane er førebels ikkje komne så langt, så Sætre vil ikke talfeste kor stor ei slik eventuell investering blir.

Element til flytebruer

Målet med ei ny dokk er klart, å kunne bygge mykje større flytande installasjoner i betong enn selskapet kan i dag.
Dagens fôrflåtar til oppdrettsnæringa er allereie blitt så store at dagens dokk berre er akkurat stor nok, og alt for lita om det til dømes blir aktuelt å byggje flyteelement i betong til flytebruer til alle fjordkryssingane på E39.

Familiebedrift

Ulstein Betongindustri har vore ein famileigd bedrift sidan starten. Selskapet har i dag ti medlemer av Moldskredfamilien som eigarar, med Kjell Moldskred (9,17 prosent) som største einskildaksjonær.
Det er full peis, og eit bra år

Publisert: 05.09.2014 15:55

Sist oppdatert: 16.07.2021 13:09

Mer om