Mette Silden forto Maloy Vekst jobbar i Selstad
VALDE MÅLØY: Å satse på jobb hos Selstad og i Måløy blei fort veldig rett, seier sivilingeniør Mette Silden. I dag jobbar ho med havteknologi i oppdrettsmarknaden. Foto: Måløy Vekst
Nytt

Juletid er rekrutteringstid

Utan juletreffet i Måløy i fjor, hadde Mette Silden jobba i Oslo i dag.

09.12.2025

Mette Silden er sivilingeniør i havteknologi frå Universitetet i Bergen og søkte på jobbar i Oslo då ho var heime på juleferie i Måløy i fjor. Ho blei med venner på Måløy Vekst sitt Juletreff, utan tanke på at ho skulle sjå etter jobb. 

Der møtte ho ein ho kjente, som sto på standen til fiskevegn-selskapet Selstad. Resultatet blei at Selstad tok kontakt med Silden og oppmoda henne om å søke på jobb. 

Utan besøket på Juletreffet hadde ho ikkje budd i Måløy i dag.

– Då hadde eg flytta til Oslo, og sikkert jobba med noko som ikkje var relevant for utdanninga, seier ho.

Maløy relanserte juletreff i fjor
Måløy Vekst relanserte rekrutteringsarrangementet knytt til juleferien i fjor, og arrangerer det på nytt i år. 

  • Sjå oversikt over rekrutteringsarrangement under

Næringsforeiningar og bedrifter på Nordvestlandet har i fleire år brukt juleferien som rekrutteringsarena.

Blant nykomarane er eigarane og drivarane av Millenniumbygget på Hareid, som har minst 11 arbeidsplassar å tilby for arbeidstakarar og studentar heime på juleferie. 

Cowork-veka som den blir kalla, startar onsdag 17. desember og varer til og med vesle Julaftan tysdag 23 desember.

– Det byrjar å bli fullt, seier Kim Lillebø i Millennium-bygget til Nett No.

Har vore arrangert i Molde sidan 2007
Molde Næringforum har arrangert sitt romjulstreff sidan 2007, og har mellom 300 og 500 innom dørene i Molde rådhus kvar gong. 

Her er oversikta over rekruteringsarrangementa:

  • 18. desember: Open kontorplass og møte med næringslivsaktørar i Pir-bygget i Ålesund. Arrangert i samarbed mellom Pir Cowork og Næringsforeninga i Ålesund.
  • 17.-23. desember: Open kontorplass i Millenniumbygget i Hareid der du og kan be om møte med lokale bedrifter. Arrangert av Millennium Cowork og Vekst i Hareid.
  • 20. desember: Juletreff i Nordfjordhallen i Måløy, der representantar frå næringslivet står på stand og fortel om si bedrift. Arrangert av Måløy Vekst
  • 29. desember: Romjulstreff i rådhuset i Molde, der representantar frå næringslivet står på stand og fortel om si bedrift. Arrangert av Molde Næringsforum. 

I tillegg har Vestnes Næringsforum plassar i sitt kontorfellesskap for folk som er heime i samband med juleferien.

Nokon som manglar? Send meg ei melding på ogne@nett.no

Publisert: 09.12.2025 13:21

Sist oppdatert: 09.12.2025 16:12

Mer om