Krilltrålaren Juvel blei seld for over 30 millionar dollar, opplyser skipsmeklar Ture Korsager i Atlantic Shipping. Det tilsvarar like over 255 millionar kroner.
Det danske meklarhuset hadde jobben med å finne kjøpar til skipet etter at gjeldsforhandlingane i Emerald Fisheries stranda og det blei opna konkurs.
Med den prisen som blei oppnådd for Juvel (medrekna konsesjonen til å fiske krill i Sydishavet) har kreditorane framleis eit utdekka krav på 85 millionar kroner i buet. Det kravet blir no sett på line med andre usikra krav i buet.
Klaga skal behandlast av Nærings og Fiskeridepartementet. Får Aker Biomarine tommelen opp vil selskapet sitte med tre av dei fire norske konsesjonane til å drive krillfiske, medan Rimfrost sit på tilsagn om den fjerde konsesjonen.
Rimfrost var ein av bodgivarane, men nådde ikkje opp og planlegg no bygging av ein ny krillbåt i staden.
Det danske meklarhuset hadde jobben med å finne kjøpar til skipet etter at gjeldsforhandlingane i Emerald Fisheries stranda og det blei opna konkurs.
340 millionar
Emerald Fisheries har rundt 340 millionar kroner i gjeld til dei tre pantesikra kreditorane, og det var dei som til slutt sette ned foten, i følgje bustyrar Thore Heggen ved konkursopninga i februar i år.Med den prisen som blei oppnådd for Juvel (medrekna konsesjonen til å fiske krill i Sydishavet) har kreditorane framleis eit utdekka krav på 85 millionar kroner i buet. Det kravet blir no sett på line med andre usikra krav i buet.
Klaga vedtak
Aker Biomarine hadde det høgaste bodet, men Stig Remøys selskap Rimfrost har klaga at Fiskeridirektoratet har gitt Aker Biomarine løyve til å overta konsesjonen som var knytt til skipet.Klaga skal behandlast av Nærings og Fiskeridepartementet. Får Aker Biomarine tommelen opp vil selskapet sitte med tre av dei fire norske konsesjonane til å drive krillfiske, medan Rimfrost sit på tilsagn om den fjerde konsesjonen.
Rimfrost var ein av bodgivarane, men nådde ikkje opp og planlegg no bygging av ein ny krillbåt i staden.
Publisert: 28.04.2017 14:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08





