Koe av Hexagon investorar
STØRRE VERDIAR: Utskillinga av hydrogenverksemda i eit eige selskap skal gi aksjonærane større verdiauke enn om alt blir verande samla i Hexagon Composites. Det er er ein av grunnane til delinga, i følgje konsernsjef Jon Erik Engeset. Biletet er frå presentasjonen av planen om å dele selskapet, som Engeset held i går, tysdag 25. august. 
Nytt

Kø av Hexagon-investorar

Hexagon Composites kunne fått inn to og ein halv gangar meir i kapitalutvidinga, seier Hexagon-sjefen. 

26.08.2020
Kapitalutvidinga i Hexagon Composites blei gjort til kurs 49,50 kroner per aksje, 50 øre under kursen då børsen stengte i går ettermidddag, tysdag 25. august.

Selskapet henta inn 907 millionar kroner, som tilsvarar knappe 10 prosent av aksjane etter kapitalutvidinga og selskapet kunne henta inn 2,5 gangar så mykje - nesten 2,3 milliardar kroner - til den kursen. Det seier Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset.
Kapitalutvidinga blei varsla etter børshandelen stengte 24. august og var gjennomført før midnatt same dag. Hadde kapitalutvidinga blitt gjennomført til ein lavare kurs ville interessa for å teikne seg vore enda større, i følgje Engeset.

Aukar verdien

Hexagon Composites skil ut Hexagon Purus, som lagar drivstofftankar og -system for hydrogendrivne bilar, lastebilar, bussar, tog og skip. Hexagon Purus skal børsnoterast. Målet er å vere ferdig med å skille ut og etablere HExagon Purus som eit eige selskap i løpet av 2020 og kunne børsnotere det på marknadsplassen Merkur Market på Oslo Børs tidleg neste år. Merkur Market er ein marknadsplass for aksjar i mindre selskap.
Ein av grunnane for delinga er at Hexagon Composites meiner aksjonærane i selskapet samla sett får større verdiauke om hydrogensatsinga blir reindyrka i eitt selskap, medan den meir etablerte verksemda med å lage drivstofftankar og system for naturgass blir verande att i Hexagon Composites.

Storaksjonær

Engeset seier Hexagon Composites skal vere ein stor aksjonær i Hexagon Purus. Større frå start, men ikke under 50 prosent eigarandel etterkvart. I tillegg til at Hexagon Composites blir stor eigar, vil også eksisterande aksjonærar i Hexagon Composites bli tildelt aksjar i Hexagon Purus ved utskillinga.
Engeset skal vere styreleiar i Hexagon Purus og dei to selskapa skal samarbeide både om marknadsarbeid, forsking og utvikling og innkjøp.
Men medan hovudkontoret til Hexagon Composites ligg i Ålesund blir hovudkontoret til HExagon Purus i Oslo, med Morten Holum - som leiar Hexagon Purus i dag - som sjef.

Inn i hydrogensatsinga

Storparten av dei 907 millionar kronene Hexagon Composites hente inn skal brukast til å finansiere starten for Hexagon Purus som sjølvstendig selskap.
Marknaden for hydrogendriven transport er førebels i ein svært tidleg fase, i følgje presentasjonen Engeset og Holum held for investorar i går formiddag - etter at kapitalutvidinga var i boks.
Men begge var svært optimistiske med omsyn til veksten, og sa mellom anna av Hexagon Composites arbeider med 50 prosjekt for å ta i bruk hydrogen somn drivstoff. Dei fleste av dei prosjekta er utviklingsprosjekt i følgje Engeset, og går det som han håpar vil Hexagon Purus om ikkje lenge ha behov for nok ei kapitalutviding for å finansiere investeringar som må til for å kunne levere nok til hydrogenmarknaden.

Publisert: 26.08.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01