(NPK): Men oppdrettsnæringa finn seg ikkje i det og kjem til å anke saka til Klagenemnda for industrielle rettar, skriv Dagens Næringsliv.
Johannessen har på si side saksøkt oppdrettskonsernet Sinkaberg-Hansen for å patentbrot. Bakgrunnen er at Johannessen gjennom selskapet Ecolice for tre år sidan tok patent på avlusingsmetoden. Den har han òg fått patentrettar på i EU.
Metoden går ut på å kombinere ei viss mengd av to vanlege avlusingsmiddel, noko Johannesen oppdaga var mykje meir effektivt enn når legemidla blir brukte kvar for seg.
– Vi meiner han ikkje burde ha fått patentet. Så enkelt er det, seier direktør Henrik Stenwig i FHL til Dagens Næringsliv.
– Vi er ueinig i vedtaket og kjem til å anke det inn for Klagenemnda for industrielle rettar, seier Stenwig.
Ecolice har no også stemna oppdrettskonsernet Sinkaberg-Hansen – selskapet der tidlegare fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen er medeigar – for retten for brot på patentrettane.
Den oppsparte eigenkapitalen på 46 millionar kroner er Johannessen no klar til å setje på spel i kampen for lusepatentet.
– Eg er rusta til å gå heile vegen til saka er avslutta. Deretter, med lisensinntekter og englepengar, er planen å utvikle eit kombinasjonspreparat mot lakselus, seier han til avisa.
Lakselusa er eit stort problem i oppdrettsnæringa og er fleire stader også ein trussel mot vill-laks og sjøaure. Derfor er det strenge reglar for kor mykje lus oppdrettslaksen kan ha, før oppdrettarane må setje i verk avlusing.
Dei siste åra har lusa i aukande grad vorte resistent mot dei tradisjonelle avlusingsmidla.
Johannessen har på si side saksøkt oppdrettskonsernet Sinkaberg-Hansen for å patentbrot. Bakgrunnen er at Johannessen gjennom selskapet Ecolice for tre år sidan tok patent på avlusingsmetoden. Den har han òg fått patentrettar på i EU.
Metoden går ut på å kombinere ei viss mengd av to vanlege avlusingsmiddel, noko Johannesen oppdaga var mykje meir effektivt enn når legemidla blir brukte kvar for seg.
Usamde med Patentstyret
Men oppdrettsnæringa synest ikkje det er rett at dei skal betale lisenspengar til Ecolice for å bruke denne oppskrifta i kampen mot lakselusa. Dei har kjempa med nebb og klør mot patentet og gir seg ikkje med dette.– Vi meiner han ikkje burde ha fått patentet. Så enkelt er det, seier direktør Henrik Stenwig i FHL til Dagens Næringsliv.
– Vi er ueinig i vedtaket og kjem til å anke det inn for Klagenemnda for industrielle rettar, seier Stenwig.
Ecolice har no også stemna oppdrettskonsernet Sinkaberg-Hansen – selskapet der tidlegare fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen er medeigar – for retten for brot på patentrettane.
Rik på høgtalareventyr
Biologen Baard Johannessen frå Tromøya ved Arendal har elles tent seg rik på høgtalarsystemet Music Angel, ein liten høgtalar for telefon og pc han kom over på ei reise til Thailand. Ifølgje Dagens Næringsliv omsette selskapet hans, Music Angel Europe, for 42 millionar kroner i 2012. Overskotet var på 10 millionar.Den oppsparte eigenkapitalen på 46 millionar kroner er Johannessen no klar til å setje på spel i kampen for lusepatentet.
– Eg er rusta til å gå heile vegen til saka er avslutta. Deretter, med lisensinntekter og englepengar, er planen å utvikle eit kombinasjonspreparat mot lakselus, seier han til avisa.
Lakselusa er eit stort problem i oppdrettsnæringa og er fleire stader også ein trussel mot vill-laks og sjøaure. Derfor er det strenge reglar for kor mykje lus oppdrettslaksen kan ha, før oppdrettarane må setje i verk avlusing.
Dei siste åra har lusa i aukande grad vorte resistent mot dei tradisjonelle avlusingsmidla.
Vi meiner han ikkje burde ha fått patentet. Så enkelt er det
Publisert: 14.03.2014 12:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31






