Kamp på liv og død om oppdraga
Fortel om 300 år med losteneste langs norskekysten. Eit gardsbruk på Runde var mellom dei viktigaste stasjonane på Nordvestlandet.
(NPK-Bent Tandstad): Fleire konkurrerande losar kunne liggje og
speide etter båtar på same høgdedraget. Når dei oppdaga eit skip ute på
havet, var det å springe ned til sjøen og kaste seg i båtane. Dei
raskaste fekk losoppdraget, dei andre ingenting.
I samband med at det har vore ei offentlege losteneste her i landet sidan 1720, kjem det ut ei bok som tek føre seg den 300 år gamle loshistoria. «Norsk Loshistorie 1720–2020 – frå sjølvstendig næringsdrivande til statstilsette» fortel den dramatiske historia om det norske losvesenet frå seglskutealderen til vår tid.
Det handlar om hardføre og fryktlause menn, som med livet som innsats hjelpte til med å få framande skip trygt fram langs den vêrharde og ofte farlege norskekysten.
Fakta om lostenesta
* 1720: Losvesenet i Noreg vart organisert i to overlosdistrikt med faste losoldermenn, takstsystem og sertifiserte losar med lospatent.
* To losområde vart oppretta. Det eine var « «det søndenfjeldske» som strekte seg frå svenskegrensa til Åna Sira. Det andre var «det nordenfjeldske», som omfatta strekninga frå Åna Sira til Vardøhus.
* Jan Wessel (1684-1729, bror til den langt meir kjende Peter Wessel Tordenskiold (1690-1720), vart den første overlosen.
* Losdistriktet i sør vart delt inn i 28 hovuddistrikt, medan det nordanfjelske vart delt inn i 14 losdistrikt.
* Hovudregelen for lostenesta i dag er at alle fartøy på 70 meter eller meir og passasjerfartøy på 50 meter eller meir er lospliktige.
* I dag jobbar det rundt 300 losar her i landet, fire av dei er kvinner. Lostenesta er ein del av Kystverket.
Losing var ei kjærkommen ekstrainntekt for fiskarbøndene langs vestlandskysten. Men det var ei farleg attåtnæring, og det var ikkje store pengar å tene. I tillegg til jordbruk og fiske gav det dei likevel den vesle ekstrainntekta som kunne gjere kvardagen litt enklare for dei ofte store familiane. Og kanskje ikkje så reint lite status.
– Machokultur
Ein av bidragsytarane i boka
er historieprofessor Arnljot Løseth ved Høgskulen i Volda. Han har
spesielt sett på losinga på sunnmørskysten på 1800-talet. Det kunne gå
hardt føre seg
– Det var ein machokultur. Losyrket var farleg. Å vere fiskar var eit farleg yrke der ein måtte frykte døden, men ein los måtte rekne med å døy i teneste. Det må ha vore statusen i yrket som gjorde at så mange ville vere los. For det var ikkje spesielt lukrativt økonomisk, seier Løseth til Nynorsk pressekontor.
Han fortel om eit gardsbruk i Goksøyra på Runde i Herøy, ein av dei viktigaste losstasjonane på Nordvestlandet. Det var over ein periode ni brukarar på dette bruksnummeret, og alle var losar. Dei åtte første miste livet på sjøen, under utøving av losyrket. Berre nummer ni døydde på land. Ei våt grav var meir regelen enn unntaket for losane.
Og jakta på losoppdrag kunne vere tøff. Det var ofte stor konkurranse om oppdraga, slik som på Runde. Der kunne fleire konkurrerande losar liggje klare på det høgste punktet og speide ut over havet med langkikkert. Når eit segl dukka opp i horisonten, var det berre å styrte av garde.
Karane kappsprang ned frå fjellet, heiv seg i båtane og fossrodde ut over mot skipet. Den losen som først greidde å ta seg om bord, og det var ikkje så enkelt å entre dei gamle seglskipa, han fekk oppdraget.
Sjølv om losane hadde teke eksamen, og hadde papir på at dei var patentlosar, så fekk dei ikkje pengar frå staten. Den einaste inntekta var den dei fekk frå skipa dei losa, og det var ikkje så veldig mykje å tene på det. Men det gav prestisje. For kor flink ein var på sjøen, var ein viktig statusindikator for mannfolka langs kysten.
Først etter krigen kom losane inn i eit system som statstilsette med lønnstrinn.
(saka held fram under)
Vondt blod mellom grannar
Den harde konkurransen mellom losane førte ofte til vondt blod mellom konkurrerande losfamiliar. Det var ikkje berre losen sjølv det handla om, for kvar los hadde gjerne sønene sine med som rorskarar og hjelparar, eller losdrengar.
– Det var ofte ein konflikt mellom ulike losgardar, og det var ikkje uvanleg at det var dårlege naboforhold. Det var verkeleg ille ein periode etter at motoren kom tidleg på 1900-talet, seier Arnljot Løseth.
Det var losane på Sørlandet og i Oslofjorden som først byrja å samarbeide om losinga, fordele skip mellom seg og få det inn i ordna former. Rundt 1920 – 1925 byrja losane på sunnmørskysten også å samarbeide.
Losane vart naturleg nok rekrutterte blant fiskarar. På vestlandskysten på denne tida var dei fleste såkalla fiskarbønder. Dei hadde eit gardsbruk på land, der kona hadde hovudansvaret, og så dreiv dei fiske.
Dei høge dødsratene blant losar, og også blant fiskarar, gjorde at det var mange enkjer rundt om i kystdistrikta. Losenkene var rekna som svært ettertrakta, ikkje minst fordi lospatentet følgde garden og ikkje personen.
– Enkjegifte var svært vanleg langs kysten. I Herøy kommune var 20 prosent av mennene gifte med enkjer. Det er dobbelt så mange som til dømes i kommunar i innlandet, fortel Løseth.
Kvinneleg losoldermann
300 år etter at den norske lostenesta starta arbeidet sitt, er losyrket framleis mannsdominert, men kvinnene har så smått byrja å gjere seg gjeldande. 58 år gamle Elise Rusten har den maskuline tittelen losoldermann, og ho har ansvaret for lostenesta i Oslofjorden.
Ho er frå Volda og hadde ei sterk draging mot det maritime alt frå ung alder. Som 11-åring bestemde ho seg. Ho måtte vente til ho vart 18 år for å kome inn på Statens sjøgutskule, noko ho fann svært urettferdig sidan aldersgrensa for gutar var på 16 år.
– Eg skreiv brev til likestillingsministeren og klaga på dette, men det tok likevel nokre år før det vart endra. Men eg hugsar at eg fekk brev tilbake med lovnad at det skulle skje ei endring, minnest Rusten.
Sidan vart det treårig nautisk utdanning, og så gjekk ho gradene i Leif Høegh-reiarlaget. Og sidan har det gått slag i slag med etterutdanning, jobb i Sjøfartsverket og undervisning på høgskulenivå. Ho har vore kaptein, men aldri jobba som operativ los.
– Eg gjekk på land då eg vart mor, men eg har vore i det maritime sjiktet heile tida, seier losoldermannen.
No er ho leiar for over 40 losar i Oslofjorden, alle er menn, utan at det har vore noko problem. Ho har jobba i mannsdominerte yrke gjennom heile yrkeslivet sitt.
– Det er klart at det er nokre kverulantar som ikkje likar kvinnelege sjefar eller kollegaer, men det er få av dei. Eg har ikkje vore redd for å ta det opp direkte med dei som har slike haldningar. Mange vil nok seie at eg er tøff, men på den andre sida har eg også vorte skulda for å vere for mild mot enkelte, seier ho.
Den første kvinnelege losen i Noreg var Solgunn Homme Breivik, som kom i teneste som statslos i 2006.
Los på SMS
Det er lang veg frå å liggje oppe på ein fjellknaus og vente på potensielle skip å lose til det systemet losane har i dag. Skip med behov for los melder seg via eit datasystem. Systemet koplar båt og los. Losen får ein SMS om at han er tildelt oppdraget. Losbåten fraktar han til skipet han skal lose, og då må han entre skipet via losleideren.
Det har vore eit kritisk punkt for losane i alle år, og det kan framleis skje ting. Seinast 16. desember i fjor ramla ein los i sjøen under endring av eit skip utanfor Tjøme i Vestfold.
Losleideren er ein taustige som heng på skutesida, og i dårleg ver kan det vere ei utfordring å kome seg opp i dårleg ver.
Vel oppe i styrhuset skal losen gi kapteinen sine tilrådingar om kva lei han skal følgje. Elise Rusten fortel at dei helst ser at losane berre gir råd og ikkje tek i styreapparata sjølv.
Arnljot Løseth fortel at på 1800-talet var det viktig å kunne lose over lange strekningar, og for sunnmørslosane var det viktig å få vere med eit skip heilt til Trondheim. Dess lenger strekninga var, jo meir pengar vart det. Om dei ikkje greidde å få seg båtskyss heim frå Trondheim, så gjekk dei. Og det er nokre dagsmarsjar frå Trondheim til Sunnmøre.
Andre gonger venta dei til det var mange nok losar som skulle sørover til at dei kunne kjøpe seg ein robåt. Og så rodde dei heim. Ein los frå Runde har fortalt at han hadde 90 turar til Trondheim i si tid.
Det har vore ei rivande teknisk og seinare elektronisk utvikling når det gjeld navigasjon opp gjennom dei 300 åra norske losar har operert langs kysten. Men som losoldermann Elise Rusten seier:
– No som då er det den unike kunnskapen om norskekysten som er det viktigaste for losane.
(©NPK)Publisert: 13.03.2022 18:44
Sist oppdatert: 14.03.2022 17:46