Kan bli dyrt aa erstatte fossilt med hydrogen
HYDROGENMØTE: – Eit viktig dilemma for oss er finansieringa, sa statsminister Erna Solberg under møtet med bedriftene om framtida for bruk av hydrogen.  
Nytt

Kan bli dyrt å erstatte fossilt med hydrogen

Statsministeren fekk innspel frå næringslivet om vegen vidare. 

18.11.2020
(NPK-NETT.NO Kjell Åsmund Sunde): Produksjon og bruk av hydrogen stod på agendaen då politikarar og næringsliv var samla til digitalt hydrogenmøte tysdag.
Eit viktig dilemma for regjeringa og statsminister Erna Solberg er korleis norsk hydrogenproduksjon skal finansierast framover.
– I juni lanserte vi den første hydrogen-strategien for Noreg og løyvde samstundes 120 millionar kronar til innovasjonsprosjekt innanfor hydrogen. I statsbudsjettet har vi òg sett av 100 millionar til meir målretta tiltak, sa statsministeren under opninga.

Treng meir midlar

Statsministeren påpeika tysdag at regjeringa hadde invitert til møtet fordi dei ønskte innspel på den vidare utviklinga av hydrogen i Noreg.
– Våre råd til norske myndigheiter er å komme på bana no og gjere fordelen ved å ikkje sleppe ut klimagassar stor. I tillegg treng vi tiltak som stimulerer til auka bruk av hydrogen – gjennom reguleringar, påbod og offentlege anbod. Vi må og få på plass gode finansieringsordningar, sa konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft under møtet.

Spennande tider

Yara er den største produsenten og forbrukaren av hydrogen i Noreg i dag. Konsernsjefen deira peika på at tida vi er inne i no, er svært spennande med tanke på vidare utvikling.
– Eg overdriv ikkje når eg seier at dette er noko av det mest spennande eg har vore med på som konsernsjef. Hydrogen har mange svært gode eigenskapar, men det er krevjande å lage. Vi har kunnskap og vi har infrastrukturen. EU meislar ut hydrogenstrategien sin no. Det er eit unikt høve for Noreg til å delta i utviklinga av europeisk hydrogenindustri, sa konsernsjef Svein Tore Holsether i Yara under møtet
– Slik eg ser det har Noreg eit betydeleg konkurransefortrinn innanfor grønt hydrogen, sa han.

Mange vil ha midlar

I oppsummeringa etter møtet peika statsminister Solberg på at utfordringa blir å finne dei riktige knappane å trykkje på.
– Det er mykje oppløftande å hente ut av dette møtet. Eg håpar at fleire med privat kapital ser moglegheit til å investere slik at ikkje alle berre ser på statskassa og tenker at det er der ein skal finne alle løysingane, sa ho.
  • (ekstern lenke)

For tidleg å peike på knutepunkt

Nyleg lanserte partiet Høgre eit vegkart for hydrogen, og olje- og energiminister Tina Bru har fått oppgåva med å ta det arbeidet vidare.
Når det gjeld konkrete geografiske knutepunkt - til dømes på Nordvestlandet - er det for tidleg å kome inn på, sa Erna Solberg nyleg til NETT NO.
Fleire bedrifter på Nordvestlandet jobbar med løysingar som kan nyttast saman med hydrogen, mellom anna Norwegian Hydrogen. Seinast onsdag fekk Hexagon Composites og børsnotere hydrogenselskapet Hexagon Purus.

Les også:



Analyse:



(©NPK)

Publisert: 18.11.2020 15:47

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:35