– Vi ser for oss at det kan bli ein unik destinasjon med overnatting, men ikkje med veldig mange rom. Det er dels fordi vi ser at husa ikkje vil tole nokon masseturisme, fortel Else Karin Stette Stenseth i Stette Holding til Nett No.
Då Stette-familien kjøpte tradisjonsrike Solnør Gård ved Skodje i april i fjor, var det med ein klar intensjon om å bygge opp ei form for reiselivsverksemd.
Men konseptutvikling har så langt ikkje vore fyrsteprioritet. Førebels har dei hatt hendene fulle med rydding og oppussingssarbeid.

Stort vedlikeholdsbehov
– Naturen var i ferd med å ta over her, så vi har hatt fullt opp med å reparere, vaske og stelle, og rydde skog. Vi er framleis ikkje ferdige, fortel Stenseth.
Eigedomen er på 2.720 mål som i tillegg til tun og bygningar, består av skog og jordbruksareal. Å rydde og setje i stand bygningane har vore eit formidabelt arbeid.
Hovudhuset er freda både utvendig og innvendig, og dei har fått stor hjelp av både Riksantikvaren og røynde handverkarar, fortel Stenseth.

– Vi går sakte fram, og har i første omgang fokusert på å kunne ta i bruk 1. etasje av hovudhuset.
– Kor mykje reknar de med renoveringsarbeidet vilkoste?
– Vi har ikkje sett ei investeringsramme enno. Arbeidet skjer gradvis etter behov, og i dialog med antikvariske myndigheiter.
Skattar i skap og boder
Solnør er nemnt i dokument heilt attende til 1500-talet garden var ein del av Giskegodset. I periodar har garden vore bustad for celebritetar som Ivar Aasen og Henrik Ibsen.
I prisen på 20 millioner kroner følgde det med alt av eksisterande innbo, møblar, kunst og ei omfattande boksamling.
Under arbeidet med å sortere og og dokumentere alle eigedelane har det dukka opp rikeleg med historiske skattar i skap og boder .
– Her er berre så utruleg mykje. Vi har hatt folk frå både Aasentunet og Sunnmøre museum til å hjelpe oss. Hensikta er å ta vare på alt det som høyrer Solnør til, seier Stenseth.

Forhastar seg ikkje
Eigedomen hadde frå før av inntekter på rundt 550.000 frå utleige av jaktvald, samt 600 dekar som er i dagleg bruk som golfbane for Ålesund golfklubb.
– Det skal bli meir næringsverksemd her på sikt, men kva vi landar på veit eg ikkje. Ein kan ikkje forhaste seg når ein driv på med gamle bygg, seier Stenseth.

Les også
Publisert: 11.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 10.11.2025 23:54






