Jann Vestby Gardsbrenneriet foto Ogne
HÅPER PÅ ENDRING: Regjeringa vil før sommaren legge fram eit forslag til meir liberale reglar for sal av alkohol frå gardsutsal. Det trur Jann Vestby ved Gardsbrenneriet kan utgjere ein skilnad for lokale produsentar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Kan bli veldig bra for verdiskaping og produksjon i distrikta

Sjefen for Gardsbrenneriet sett pris på gladmelding frå regjeringa.

Marius Rosbach
16.02.2026

Før helga kom det som blir oppfatta som ei gladmelding blant mange alkoholprodusentar ved norske gardar. 

Regjeringa vil opne for utvida moglegheit for sal av alkoholhaldig drikke rett frå produsenten og sende ut eit høyringsforslag før sommaren.

Jann Vestby som driv Gardsbrenneriet i Sandane fortel at bransjen har jobbe i mange år med å overtyde politikarane om ei slik endring. 

– Eg trur det kan bli veldig bra for verdiskaping og produksjon i distrikta, seier han til Nett No om forslaget som snart kjem på bordet. 

EU-ja til svensk ordning 
Gjennom si rolle i styret til interesseorganisasjonen Norske Destillerier kjenner Vestby godt bakgrunnen til forslaget .

Vestby fortel at noko av årsaka til at ei endring no har «fått fart på seg», er at Sverige har gjort det same. 

– EU godkjente Sverige sin søknad i fjor, og då sa fleire norske politikarar at dei ville jobbe for dette, seier han. 

Må seie nei til at besøkande kjøper
Vestby fortel at hensikta mellom anna er å unngå situasjonar der folk er på omvising og etterpå ønsker å kjøpe med seg nokre flasker, men ikkje får lov slik regelverket er i dag.

I dag får dei beskjed om at det må gjerast på Polet – noko som for mange turistar ikkje er mogleg fordi dei skal reise vidare. 

– Det vil i første omgang bety mykje for oss som driv innan reiseliv og utvide det vesle handlingsrommet vi har sidan reklameforbodet i dei fleste praktiske samanhengar i realiteten er eit kommunikasjonsforbod, seier han. 

– Dette gjer at vi kan selje til dei som besøker oss fysisk og vere eit positivt tilskott til lokal verdiskaping, legg Vestby til.

Vil verne om Vinmonopolet si rolle
Konkret korleis endringa blir utforma, blir avgjort i samarbeid med næringsaktørar og andre interessentar. I starten av mars blir aktørar frå næringa invitert til eit innspelsmøte. 

Per no kan produsentane berre selje alkoholhaldige produkt over 4,7 prosent som ikkje er omfatta EØS-avtalen. Ein føresetnad ved forslaget har vore at ei endring ikkje skal rokke ved Vinmonopolet si rolle.

– Å finne ei løysing på dette vil gi bønder og lokalsamfunn nye moglegheiter for verdiskaping gjennom å styrkje reiselivet, lokale arbeidsplassar og kortreiste varer. Dette handlar om å finne gode løysingar som ikkje utfordrar Vinmonopolets viktige rolle i norsk alkoholpolitikk, uttaler helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) i meldinga frå regjeringa. 

Ikke snakk om frislepp
Jann Vestby ved Gardsbrenneriet fortel at det ikkje er snakk om eit fullstendig frislepp, men kanskje ei kvoteordning der kvar person kan kjøpe nokre få flasker i samanheng med ei omvisning.

Han viser til at det også var uro kring Vinmonopolet sin rolle då det blei opna for sal av sider.

– Ein frykta at polet ville tape, men så skjedde det motsette. Det styrka både salet via polet – og situasjonen for norske produsentar, seier Vestby. 

Han kjenner ikkje korleis alle dei politiske partia på Stortinget stiller seg til ei endring, men fortel at fleire av dei største partia har varsla at dette er noko dei vil støtte. 

Publisert: 16.02.2026 05:00

Sist oppdatert: 15.02.2026 18:12

Mer om