Kan brukast til baade bil baat ferje og kanskje Raumabanen
OPTIMIST: Både Rolf Fiskerstrand (t.v.) og Jon Georg Dale har trur på hydrogen som framdrift. Verftet har jobba med mellom anna ABB og Sintef med å utvikle teknologi til ei hydrogenferje.
Nytt

– Kan brukast til både bil, båt, ferje – og kanskje Raumabanen

Rolf Fiskerstrand har stor tru på lokale hydrogenprosjekt - og håpar framleis at den første hydrogenferja i verda blir levert frå deira verft.

Marius Rosbach
08.01.2020
Framtidas løysing for å sørge for framdrift, i første rekke på skip, var eit tilbakevendande tema under besøket til samferdsleminister Jon Georg Dale på Fiskerstrand verft tysdag.
Alle som tok ordet var samd i at hydrogen peikar seg ut som den viktigaste løysinga – der norsk industri har store moglegheiter. Konsernsjef Rolf Fiskerstrand trur ein kombinasjon med hydrogen og batteri er mest aktuelt på kort sikt. Han påpeika at teknologien ikkje lengre var eit hinder.

Kappløp om verdas første

Fiskerstrand har i lengre tid jobba med det dei For tida kan det sjå ut til at Westcon med hovudbase i Ølen er ei båtlengd føre i den konkurransen. Dei har fått - ei av dei med hydrogen. Etter planen skal ferja i drift på sambandet neste år.
– Vi jobbar framleis med prosjektet som vi håpar å få realisert i Hjørundfjorden - og vi satsar på å bli før Hjelmefjorden, er Fiskerstrand sin kommentar.

Vil ha hydrogen i Hellesylt

Konsernsjefen rosar styresmaktene sitt arbeid med å sette strengare krav, og korleis det no blir lagt opp til å gi støtte til miljøvennlege forretningsidear.
Saman med mellom anna Flakk Gruppen, er Fiskerstrand med på konsortiumet bak Hellesylt Hydrogen Hub, som nyleg fekk støtte via Pilot E-ordninga. Målet er eit anlegg for produksjon og levering av hydrogen seinast i 2023.
– Den kan brukes både til bil, båt, ferje – og kanskje Raumabanen, meiner Fiskerstrand.

Les meir:




Skilnad frå elbil-skiftet

Samferdsleministeren meiner det er rett å peike på hydrogen som den framtidige løysinga for drivstoff, og at signala frå andre europeiske land går i same retning - både når det gjeld bil, tog og båt.

– Vi er inne i eit enormt skifte om korleis vi skal transportere folk og varer, og kva for utslepp vi aksepterer når vi skal gjere det, påpeika Jon Georg Dale.
Han viste til at mange europeiske land ikkje kan ta seg råd til ei eilbilsatsing som Norge. Og samtidig er det ein anna viktig skilnad ved det utvikling som skjer til sjøs.
– Elbilpolitikken har gitt oss reduksjon av utslepp, men industriutvikling i andre land. Det maritime skifte gir oss eigen industriutvikling. Det er eit vesentleg poeng at vi klarer å legge til rette for industrien i Norge, sa han.

– Kvar skal vi begynne?

Volda-statsråden påpeika kor viktig det var at den maritime industrien låg i tet.
– Utfordringa vår tilbake blir: Kvar skal vi begynne? Kvar skal det investerast først og sist, ville Dale vite og sa seg ope for innspel om korleis ein kunne få fart på hydrogenmarknaden så raskt som teknologien gjer det mogleg.
– Det handlar om kvar vi skru på knappane, sa Dale.
Han meiner samtidig verkemiddelapparatet med Innovasjon Norge og Enova er rusta til å gi støtte til investeringane som trengst.

Les også:





Elbilpolitikken har gitt oss reduksjon av utslepp, men industriutvikling i andre land. Det maritime skifte gir oss eigen industriutvikling

Publisert: 08.01.2020 16:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49