Kan fange opp nesten all energi
MEIR Å HENTE: Jan Petter Urke i Ulmatec Pyro seier at også energien frå overskotsvarmen i batteri- og hydrogendrivene skip kan hentast ut og auke utnyttingsgraden i motor og anlegg betydeleg.
Nytt

Kan fange opp nesten all energi

Under maksimale tilhøve kan anlegga Jan Petter Urke i Ulmatec Pyro leverer til dieseldrivne skip utnytte 75 prosent av energien. Med hydrogen og batteri blir det vesentleg meir.  

05.09.2017
-Det er ikkje så lenge sidan vi smilte av batteri, seier Jan Petter Urke.
Han er sjef for Ulmatec Pyro i Søvika i Haram, eit selskap som har spesialisert seg anlegg for å utnytte spillvarmen ombord i skip.
Dieseldrivne motorar i eit skip utnyttar i utgangspunktet berre mellom 20 og 40 prosent av energien i drivstoffet. Resten blir omdanna til varme, og Ulmatec Pyro har svinga seg opp på å gjere det råd for reiarane å utnytte varmen til noko nyttig ombord. I beste fall kan altså 75 prosent av energien kome til nytte, mellom anna til naudsynt oppvarming.

Satsa på batteri og hydrogen

Utviklinga i batteriteknologien og etterspørselen etter batteridrivne skip gjorde at Ulmatec Pyro for knappe to år sidan starta arbeidet med å utvikle metodar for å hente ut overskotsvarme også frå batteridrivne skip. No er selskapet og i gang med utvikle system for for skip som går på hydrogen, seier Urke.
I neste veke er Urke ein av foredragshaldarane på klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime sitt teknologiseminar, der han vil presentere energigjenvinningsteknologien både for hydrogen-, batteri- og dieseldrivne skip.

Nok varme

Både heilt batteridrivne skip og hydrogendrivne skip lagar nok spillvarme til at Ulmatec Pyro kan hente ut overskotsenergi.
Batteria må kjølast ned og ved hjelp av varmepumper kan overskotsvarme hentast ut og brukast.
Såkalla brenselsceller - som har hydrogen som drivstoff - lagar og overskotsvarme. Brenselsceller blir brukt til å produserer elektrisitet, som i sin tur driv framdriftsmaskineri og anna maskineri ombord i skip og bilar.
Der blir i utgangspunktet omlag 55 prosent av energien utnytta. Det er vesentleg betre utnyttingsgrad enn dieselmotorar, og med varmegjenvinning i tillegg er det samla sett snakk om ei "betydleg" betre energiutnytting enn det i beste fall er råd å oppnå med dieselmotorar og varmegjenvinning, i følgje Urke.

Miljøteknologiallianse

I fjor gjekk Ulmatec Pyro, Sperre Coolers frå Ellingsøya, Anda-Olsen frå Ålesund, Teknotherm i Bergen og Climeon frå Kista i Sverige saman i ein allianse for å utvikle meir miljøvennleg teknologi.
Innanfor Green Technology-samarbeidet inngår mellom anna Waste Energy Management System frå Ulmatec Pyro, Heat Exchangers frå Sperre Coolers, Storage of Energy frå Anda-Olsen og Power Generation from hot water waste energy frå Climeon og HVAC system frå Teknotherm.

Det er ikkje så lenge sidan vi smilte av batteri

Publisert: 05.09.2017 10:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13