Kan ikkje undervurdere kor viktige dei maritime naeringane er
MARITIM SATSING: Jenny Klinge (innfelt) meiner det trengst tiltak som gir aktivitet for mellom anna verfta i den maritime industrien. 
Nytt

– Kan ikkje undervurdere kor viktige dei maritime næringane er

Senterpartiet kan bli ein viktigare maktfaktor i nordvest. Stortingspolitikar Jenny Klinge gjer det klart at dei har ambisjonar på vegner av den maritime industrien.

Marius Rosbach
27.11.2020

Denne veka kom Senterpartiet med sitt alternative budsjett for korleis dei vil styre landet. Her la partiet for dagen høge ambisjonar for korleis dei vil hjelpe den maritime næringane gjennom krisa med ein rekke tiltak.

– Det er fordi vi ser det som heilt nødvendig å gjere aktivitetsfremmande tiltak og føre ein politikk som sikrar at vi har ei norsk maritim næring i framtida, fortel Klinge til NETT NO.



– Store ringverknader


Dei 2,9 milliardane Senterpartiet vil bruke på ei maritim tiltakspakke, er meir enn de doble av kva Frp la inn i sitt alternative budsjett. Både regjeringa og Ap har betydeleg mindre krisehjelp direkte til den maritime bransjen i sine forslag.

Klinge meiner spesielt den maritime industrien, vil vere viktig for å bidra til verdiskaping og sikre velferd i åra framover.

– Ein kan ikkje undervurdere kor viktige dei maritime næringane er i ein slik samanheng. Dei driv aktivitet og verdiskaping som har store ringverknader og dei arbeidsplassane må vi ta vare på. Det handlar også om moglegheitene til å sikre innovasjon, som kan påverke andre næringar, påpeiker Sp-politikaren.

Håpar å «strekke» forhandlingspartnarane

No er det Frp som forhandlar med regjeringspartia, og det er difor ikkje noko utsikter til at Senterpartiet vil få gjennomslag for sitt syn.

– Kva håpar dokke å oppnå med å legge fram eit slikt budsjett likevel?

– Vi håpar at vårt alternative budsjett og klare ambisjonar, vil strekke regjeringspartia og Frp i deira forhandlingar, spesielt på det maritime området, svarar Klinge.

Fredag ettermiddag var det ikkje noko som tyda på ei snarleg løysing på forhandlingane som no blir ført mellom partileiarane. Nettolønnsordninga for sjøfolk skal vere ein av spørsmåla dragkampen står om. Her er både Sp, Frp og Ap mot å kutte, slik regjeringa foreslår.

Kan kapre fleire stortingsplassar

Senterpartiet har den siste tida hatt rekordgode målingar. I dag har partiet berre Jenny Klinge frå Surnadal på Stortinget frå Møre og Romsdal. Men partiet kan kapre fleire mandat om oppslutninga held seg fram til valet neste år.

– I kva grad skjeler partiet til det komande valet når dokke legg fram forslag til ei såpass stor maritim krisepakke?

– I første rekke er vi opptekne av å legge fram gode og fornuftige forslag. Men vi håpar sjølvsagt at velarane i Møre og Romsdal ser at politikken vi legg fram og ambisjonane våre, gjer at dei kan sjå på oss som eit fornuftig alternativ ved valet, svarar Klinge.


Vi håpar at vårt alternative budsjett og klare ambisjonar, vil strekke regjeringspartia og Frp i deira forhandlingar

Publisert: 27.11.2020 14:49

Sist oppdatert: 12.05.2021 10:23