Kan misse inntekter paa mellom 100 og 150 millionar kvart aar fullwidth
FRYKTAR MINDRE CRUISEBESØK: Stranda-ordfører Jan Ove Tryggestad (innfelt) vil ha utsett utsleppskrava til cruisenæringa i verdsarvfjordane. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Nytt

– Kan misse inntekter på mellom 100 og 150 millionar kvart år

Stranda-ordføraren trur på full stopp i cruiseturismen til verdsarvbygda med nye utsleppskrav.

19.02.2021

(NPK): Stranda kommune reagerer sterkt på at næringskomiteen på Stortinget ikkje vil gi utsetjing på kravet om at alle turist- og cruiseskip i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden skal vere utsleppsfrie frå 2026.

Det var i går at næringskomiteen vedtok å halde fast ved vedtaket om nullutslepp i 2026. Framstegspartiet foreslo ei utsetjing til 2030, men fekk ikkje dei andre partia med seg.

Avhengig av cruisenæringa
Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) er langt frå nøgd med vedtaket og fryktar konsekvensane for turistbygda.

– Konsekvensane blir at Geirangerfjorden blir stengt for dei aller fleste cruiseskip i 2026. Det betyr at vi kan misse inntekter på mellom 100 millionar og 150 millionar kvart år, seier Tryggestad til NRK Møre og Romsdal.

Han peikar på at eit lite bygdesamfunn som Geiranger er heilt avhengig av cruisenæringa, og ordføraren legg ikkje skjul på at han er svært skuffa.

– Eg lurer på om næringskomiteen og Stortinget ikkje har fått med seg at samfunnet har vore gjennom ei brutal endring sidan dette vedtaket vart gjort i 2018, seier han.

KrF-Reiten forsvarar vedtaket
Steinar Reiten (KrF), medlem av næringskomiteen, seier til NRK at dei har fått klare tilbakemeldingar om at det er avgjerande at vedtaket frå 2018 vart ståande. Han trur at cruiseturisme med enorme skip inn i norske fjordarmar snart er historie.

– Eg trur vi vil få mindre skip som trafikkerer fjordane i framtida. Og med den teknologien som blir utvikla i dag, så klarer vi kravet om nullutslepp i 2026, seier han.

Jan Ove Tryggestad forsikrar om at Stranda kommune er opptekne av miljøet, men meiner det er andre tiltak ein kan gjere for få til mindre utslepp.

Meir om saka:

Krav til nullutslepp står fast

Sprikande om krav til nullutslepp

Jobbar framleis for utsleppsfrie verdsarvfjordar frå 2026

Synspunkt: Nullutslepp og vekstkraft i verdsarvfjordane

- Viktig med rask omstilling til lågutslepp og berekraftig vekst

- Urealistisk med nullutslipp i 2026 - ber om lenger tid

(©NPK)


Publisert: 19.02.2021 14:25

Sist oppdatert: 19.02.2021 19:44