Kan slappe litt av etter stress test
TØFF START: Roger Lunde (innfelt) tok over som Ekornes-sjef like før koronaepidemien slå ut og fekk møbelbutikkar til å stenge dørene.
Nytt

Kan slappe litt av etter stress-test

Stressless-produsenten Ekornes har stress-testa selskapet etter at koronaepidemien kom.

30.04.2020
Konklusjonen er at selskapet ikkje har helseproblem no. Ordreinngangen dei tre siste vekene i mars fall med 38 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor, skriv i Ekornes QM Holding i ei børsmelding.
Børsmeldinga er sendt ut i samband med at selskapet legg fram kvartalsrapporten for 1. kvartal.

Nedturen held fram i april, med eit "vesentleg" fall i salet, som vil slå negativt ut i reknskapen for 2. kvartal.

Under press etterkvart

2020 starta bra, med auke i ordereserven og i driftsinntektene (sjå tabell).
Selskapet har både pengar på bok og solid eigenkapital, men med dei negative utsiktene på grunn av koronaepidemien og tiltaka mot den, fryktar Ekornes at selskapet kan kome i strid med lånevilkåra, som det også tidlegare har varsla.

Nye tiltak på handa

Ekornesleiinga bur seg på å takle at koronanedturen vil tære på selskapet ei stund.

Dersom dei sparetiltaka som alt er gjort, medrekna permitteringar, ikkje er nok har selskapet klart planar for nye tiltak for å sikre at det er nok pengar i kassa og tilstrekkleg eigenkapital. Selskapet sine variable kostnadar (kostnadar som varierer med arbeids- og vareinnsats) utgjer ein stor del av driftskostnadane. Det gjer at selskapet er rusta til å handtere nye endringar i marknaden, ifølgje børsmeldinga.

Publisert: 30.04.2020 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56