Nytt
Kan søke om lønnstilskot - desse har fått mest til no
Geiranger-hotell har fått mest hjelp av bedriftene på Nordvestlandet til å ta permitterte tilbake på jobb.
Marius Rosbach
01.02.2021
Arbeidsgivarar kan frå torsdag denne veka igjen søke om lønnstilskot for å ta permitterte tilbake på jobb. Ordninga som kjem i tillegg til kontantstøtta til faste utgifter, gjeld i denne omgang støtte for oktober, november og desember i fjor.
Arbeidsgivarar kunne også på seinhausten søkje om støtte for juli og august. Ei oversikt viser at Hotell Union Geiranger var den bedrifta på Sunnmøre og Nordfjord som fekk mest støtte i førre runde. Hotellet har utbetalt drygt 1,2 millionar kroner, viser .
Andre bedrifter som har fått mykje støtte på Sunnmøre, er Optimar, Brunvoll Volda og Stranda Hotell som alle har fått kring 360.000 kroner i tilskot. Ingen bedrifter i Nordfjord er på same nivå.
Også Brunvoll i Molde er mellom bedriftene som har fått mykje støtte med drygt 1,1 millionar.
I heile landet er det utbetalt om lag 173 millionar kroner i lønnstilskot, fordelt på 947 mottakarar for juli og 1.475 mottakarar for august, ifølge Skatteetaten.
Fredag kom regjeringa med .
For at arbeidsgivar skal få innvilga støtte, må arbeidstakaren vere tilbake i minst same stillingsprosent som før permittering ved inngangen til månaden det blir søkt støtte for. Arbeidstakaren kan ikkje permitterast på nytt, vere under oppseiing eller bli sagt opp før 1. februar.
Arbeidsgivarar kunne også på seinhausten søkje om støtte for juli og august. Ei oversikt viser at Hotell Union Geiranger var den bedrifta på Sunnmøre og Nordfjord som fekk mest støtte i førre runde. Hotellet har utbetalt drygt 1,2 millionar kroner, viser .
Andre bedrifter som har fått mykje støtte på Sunnmøre, er Optimar, Brunvoll Volda og Stranda Hotell som alle har fått kring 360.000 kroner i tilskot. Ingen bedrifter i Nordfjord er på same nivå.
Mest til Molde-selskap
Lengre nord i Møre og Romsdal finn vi den bedrifta som har fått desidert mest lønnstilskot i fylket. Linjebygg, som leverer tenester til olje- og gassnæringa, fekk heile 5,7 millionar kroner. Molde-selskapet skal vere den bedrifta med flest tilsette med hovudsete i Romsdal.Også Brunvoll i Molde er mellom bedriftene som har fått mykje støtte med drygt 1,1 millionar.
Langt færre har søkt
Det er langt færre bedrifter som har søkt om slik krisehjelp, samanlikna med kva som var tilfelle med kompensasjonsordninga for faste utgifter.I heile landet er det utbetalt om lag 173 millionar kroner i lønnstilskot, fordelt på 947 mottakarar for juli og 1.475 mottakarar for august, ifølge Skatteetaten.
Fredag kom regjeringa med .
Må ha vore permittert i august
Det er både næringsdrivande, enkeltpersonføretak, institusjonar, ideelle organisasjonar, foreiningar og stiftelsar som frå torsdag kan søkje om lønnstilskot – dersom dei har teke tilbake tilsette som var permitterte per 31. august.For at arbeidsgivar skal få innvilga støtte, må arbeidstakaren vere tilbake i minst same stillingsprosent som før permittering ved inngangen til månaden det blir søkt støtte for. Arbeidstakaren kan ikkje permitterast på nytt, vere under oppseiing eller bli sagt opp før 1. februar.
Les også:
Publisert: 01.02.2021 16:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13