Samanlikna med 1. kvartal i fjor fall prisen på torsk, hyse og sei i 1. kvartal i år med høvesvis 27 prosent, 14 prosent og 9 prosent.
Det er hovudårsaka til at forretningsområdet villfisk i Lerøy Seafood Group hadde nedgang både i driftsinntekter og driftsresultat (sjå tabell) i 1. kvartal i år samanlikna med 1. kvartal i fjor. Torsk er det økonomisk viktigaste fiskeslaget for reiarlaget.
Forretningområdet villfisk omfattar fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk, med hovudkontor i Ålesund og ti trålarar. Lerøy Havfisk eig og fem fiskeindustrianlegg. Dei blir leigd ut til søsterselskapet Lerøy Norway Seafoods, som i tillegg har ytterlegare sju anlegg for mottak og/eller foredling av fisk.
Meir hyse, mindre torsk
Lerøy Havfisk prioriterte fiske etter hyse føre torskefisket i 1. kvartal i år. Det gjorde at andelen torsk av fangsten blei redusert frå 50 prosent i 1. kvartal 2020 til 43 prosent i 1. kvartal 2021.
Lerøy Havfiske har over halvparten av torskekvoten sin att å fiske, og understrekar sjølv i kvartalsrapporten at ein relativt større andel av torskekvoten skal fiskast seinare i år enn i fjor.
Grunnen til at det kan vere ein fordel er at det er venta prisstigning, spesielt på torsk, etterkvart som det blir lette i koronatiltaka framover - og dermed meir fart i restaurant-, catering- og hotellmarknaden, som er viktig for torskefisket.
I fjor var det ein fordel å fiske meir torsk tidleg, fordi mykje blei seld før prisfallet koronaepidemien førte til.
Vurderer oppdrett på land
Det er fiskeriverksemda til Lerøy Seafood-konsernet som har størst direkte betydning på Nordvestlandet, men oppdrettsverksemda er den klart størst verksemda til konsernet.
No vurdere Lerøy Seafood Group å satse på oppdrett på land, heilt fram til slakteklar fisk. Selskapet har kjøpt eit industriområde "i Vestland fylke" til formålet i følgje kvartalsrapporten.
I første omgang er det snakk om å utvide tida fisken er i landanlegg før den er i sjøen, men det kan og bli eit anlegg som kan produsere slakteklar fisk.
Lukkast satsinga kan erfaringane "potensielt nyttes til realisering av landbaserte prosjekt i andre regioner", heiter det i kvartalsrapporten.
Lerøy Seafood Group ASA | ||
1. kvartal. I mill. kromer | 2021 | 2022 |
Driftsinntekter | 4925 | 5305 |
Driftsresultat | 818 | 287 |
Resultat før skatt | 836 | 176 |
Forretningsområde Villfisk | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 867 | 992 |
Driftsresultat | 185 | 270 |
Publisert: 20.05.2021 07:29
Sist oppdatert: 20.05.2021 07:33