Frå lokala på Mjølstadneset driv Herøy-selskapet Kace med produktutvikling, produksjon, reparasjon og service for ulike marknader.
Glasfiber og kompositt-spesialistar er truleg ei dekkande beskriving. Den maritime industrien har vore sentral heile vegen – mellom anna med produksjon av fritid- og arbeidsbåtar, ikkje minst til seismikkbransjen.
– Historisk har båtar vore vårt hovudfokus, men vi har også utforska nye segment. Kompositt og glasfiber kan nyttast i langt meir enn båtar, fortel dagleg leiar Geir-Arne Bøe i Kace til Nett No.
Avansert båt for minejakt
Nyleg avslutta selskapet oppdraget med ombygging av ein ny type båt for minejakt til Eelume i Trondheim. Båten er basert på eit Westplast-design, ei portefølje som Kace har rettigheitene til.
– Den blei bygd som ein demobåt for denne marknaden, og er eit langsiktig samarbeid som vi håpar skal føre til noko meir, seier Bøe.
Den knappe ti meter lange båten kan bemannast ved behov, eller operere utan mannskap, avhengig av korleis den blir utstyrt.

Vekst på havbruk
Marknaden mot forsvarsindustrien er eitt av fleire område som selskapet har utforska det siste tiåret – etter at botnen fall ut av seismikkmarknaden.
Havbruk og oppdrett er ein anna marknad dei har jobba med over tid. Der har det vore langt meir å gjere siste året.
– Vi har blant anna levert ventilløysingar til ei stor lukke oppdrettsmerd for Aquafarm Equipment. Det oppdraget utgjorde store delar av veksten vår i fjor, og vi håpar det at skal losne meir i denne marknaden, seier han.
Kraftig hopp i inntektene i fjor
Rekneskapen for 2025 som nyleg blei offentleg viser eit kraftig hopp i omsetninga frå 9 millionar til 20,5 millionar kroner.
Etter at 2024 enda med selskapet sitt første underskot sidan 2010, var lønnsemda tilbake i fjor – med eit solid overskot (sjå tabell under).
Selskapet hadde ein eigenkapital på drygt 4,2 millionar ved utløpet av 2025, og ingen langsiktig gjeld.
| Kace AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 20,5 | 9 |
| Driftsresultat | 1,5 | -0,6 |
| Resultat før skatt | 1,5 | -0,6 |
Lokale samarbeidspartnarar
Sidan oppstarten i 2007 har firmaet laga mykje forskjellig – og det gjer dei i grunn framleis. I porteføljen har dei mellom anna leveransar til vaskehall for bilar i kompositt.
Ulmatec Baro og Mare Safety er viktige samarbeidspartnarar på det maritime området. Samarbeidet med førstnemnte har vore svært tett, og bedriftene jobbar i same produksjonslokale på Mjølstadneset.
– Mare Safety har vore ein av våre mest stabile og viktige samarbeidspartnarar, seier Bøe.
Etter at Ulstein-selskapet for nokre år sidan flytta produksjonen av glasfiberbåtar heim frå Polen, har Kace stått for produksjonen av desse.
Publisert: 23.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 22.02.2026 21:52






