Nytt
Kapra meir jobb i vassmarknaden
Entec-selskap melder om nye kontraktar for nær 20 millionar kroner.
Marius Rosbach
06.01.2021
Dei siste vekene har Entec-konsernet sikra seg fleire nye oppdrag innan vassbehandling. Verdien på kontraktane summerer seg til nær 20 millionar kroner.
- Det er gledeleg å sjå av vi lukkast i ein strategisk viktig marknadssegment for oss, uttalar konsernsjef Håvard Haanes i ei pressemelding.
Fleire av leveransane er inngått av Entec-selskapet Servitech – som nyleg blei fusjonert med Brimer-selskapet i same konsern. Frå lokalitetane på høvesvis Sjøholt og Kvamsøya har desse selskapa allereie samarbeida om oppdrag i fleire år.
Det er Lysinga Vannvek i Rendalen i Østerdalen som har bestilt anlegget. Arbeidet ute på byggeplassen startar etter planen opp i mai 2021, og skal ferdigstillast i løpet av hausten.
I leveransen inngår også anlegg for behandling av vatnet med UV-aggregat, røyrinstallasjonar og pumper. Fordi anlegget skal driftast også ved straumbrot, blir det utstyrt med dieselaggregat og UPS.
Nyleg blei det kjent at dei to sistnemnte selskapa blir slått saman med Hareid-selskapet Utbyggingsteknikk, som blei kjøpt opp i fjor.
Den samla arbeidsstokken for selskapa har gått opp det siste året. Brimer og Servitech har no drygt 110 tilsette til saman. Evotec som også er med i Entec Group, har om lag 50 tilsette.
- Det er gledeleg å sjå av vi lukkast i ein strategisk viktig marknadssegment for oss, uttalar konsernsjef Håvard Haanes i ei pressemelding.
Fleire av leveransane er inngått av Entec-selskapet Servitech – som nyleg blei fusjonert med Brimer-selskapet i same konsern. Frå lokalitetane på høvesvis Sjøholt og Kvamsøya har desse selskapa allereie samarbeida om oppdrag i fleire år.
Høgdebasseng i Rendalen
Eitt av prosjekta er eit høgdebasseng frå Brimer på 13,5 meter i diameter og 6 meters høgde. Bassenget er laga i polyester armert med glasfiber, eit materiale som blir føretrekt fordi det er tett, glatt og enkelt å halde ved like.Det er Lysinga Vannvek i Rendalen i Østerdalen som har bestilt anlegget. Arbeidet ute på byggeplassen startar etter planen opp i mai 2021, og skal ferdigstillast i løpet av hausten.
I leveransen inngår også anlegg for behandling av vatnet med UV-aggregat, røyrinstallasjonar og pumper. Fordi anlegget skal driftast også ved straumbrot, blir det utstyrt med dieselaggregat og UPS.
Vekst og betre lønnsemd
Pilene peiker oppover i fjor for Entec Group-selskapa. Fjoråret enda med gode resultat for både Evotec i Ulsteinvik og Brimer, medan Servitech enda 2019 med eit lite underskot.Nyleg blei det kjent at dei to sistnemnte selskapa blir slått saman med Hareid-selskapet Utbyggingsteknikk, som blei kjøpt opp i fjor.
Den samla arbeidsstokken for selskapa har gått opp det siste året. Brimer og Servitech har no drygt 110 tilsette til saman. Evotec som også er med i Entec Group, har om lag 50 tilsette.
Publisert: 06.01.2021 13:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04