Vegard Helland foto Ogne
KRAV: Miljøstandarden hos kundane blir ein faktor i for finansieringa, i følgje Vegard Helland, leiar for næringslivsengasjementa til Sparebank1 SMN. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kartlegg miljøavtrykk hos fiskeri- og eigedomskundane

Dyrare lån for den som forurensar mest.

07.05.2021

Sparebank1 SMN starta rundt årsskiftet eit kartlegging av miljøstandarden hos kundane sine i fiskerinæringa og er også i gang med eit tilsvarande kartlegging av kundane i næringseigedom-bransjen.

For fiskebåtreiarar handlar det mellom anna om å registrere opplysningar om handteringa av restråstoff, avfallshanderting og drivstoff-forbruk i høve til storleiken på fangsten. For næringseigedom handlar det til dømes om å kartlegge energiforbruk til oppvarming og kjøling i næringsbygg.

Gjennomgangen av alle dei store kundane til banken i desse to næringane vil vere gjennomført i løpet av året, ifølgje Vegard Helland, som er leiar for utlån til næringslivet i Sparebank1 SMN.

Registreringa vil vere ein faktor når banken skal vurdere framtidig finansiering.

Strengare krav
Bakgrunnen for at banken skjerpar miljøkrav er mellom anna arbeidet EU er i gang med for å konkretisere korleis finansnæringa kan medverke til mindre miljøskadleg verksemd. Eitt mål er å få ned CO2-utslepp. Det er eit arbeid som også Noreg er forplikta seg til å vere med på, gjennom EØS-avtalen.

I slutten av april kom EU med den første konkretiseringa av kva dei nye krava vil gå ut på og kva standarar som skal brukast for å registere god gode eller dårleg bedriftene er på miljøfeltet.

For næringseigedomar har banken allereie teke konsekvensen av den nye politikken.

For bygg som scorar dårleg på miljøkrav er til dømes nedbetalingstida blitt kortare og eigenkapitalkravet høgare.

Her kan du lese meir om EU-krava

Klikk her for å sjå ÅKP sin webinarserie om berekraft og EU-krav, der mellom andre Sparebank1 SMN er bidragsytar

EU arbeider også med krav til sosial standard og god samfunnstyring, men det er utviklinga av krav og standarar på miljøfeltet som har kome lengst.

Fram til 2030
Sparebank1 SMN varsla i kvartalsrapporten for 4. kvartal 2020 at den ville kome med ei konkretisering av korleis den vil skjerpe miljøkrav, i kvartalsrapporten for 1. kvartal 2021.

Les også

I kvartalsrapporten som er lagt fram i dag skriv banken av den vil vere ein pådrivar for grøn omstilling, ein partnar for inkluderande samfunnsutvikling og ein vegvisar for ein ansvarleg forretningskultur. Måla er ein del av banken sin strategi for ei berekraftig utvikling fram til 2030.

Her er dei fem måla som banken har sett seg for 2021, slik den fortel i kvartalsrapporten:

1. Skape grønn vekst og næringsutvikling gjennom samarbeid og partnerskap. Konsernet vil engasjere kunder og samarbeidspartnere i utviklingen av innovative lokalsamfunn
2. Tilby produkter og tjenester som stimulerer kundenes omstilling og digitalisering. Det er målsatt ti prosent årlig økning i utlån som kvalifiserer til grønn obligasjonsfinansiering
3. Redusere klimafotavtrykket i hele verdikjeden. For å oppnå en halvering i konsernets klimafotavtrykk til 2030 er det målsatt en årlig reduksjon på åtte prosent mot referanseåret 2019
4. Styrke (klimarisiko) kompetanse og rapportering. Konsernet vil tilby et kompetanseprogram for både kunder og ansatte
5. Medvirke til mangfold og rettferdig omstilling. Konsernet skal arbeide for å forsterke like muligheter i arbeidsliv, hverdagsliv og næringsliv

Publisert: 07.05.2021 13:01

Sist oppdatert: 21.06.2021 07:40