Tilgjengleg likviditet for Arctic Bioscience er redusert fra 17,4 millionar kroner etter 3. kvartal 2024 til 7,4 millionar kroner etter 4. kvartal 2025, fortel selskapet i ei børsmelding per 3. kvartal i år.
Det betyr at selskapet arbeider med å fylle kassa.
"Likviditetssituasjonen overvåkes tett. Dialogen med konsernets finansieringspartnere er tett og god. Selskapet er i prosess med hovedbankforbindelsen for å styrke likviditetssituasjonen fremover.", skriv selskapet i børsmeldinga.
Arctic Bioscience driv helsekostproduksjon og legemiddelutvikling basert på silderogn, med hovudkontor og produksjon i Hovdebygda i Ørsta. Selskapet er børsnotert, med fleire investorar på Nordvestlandet som store eigarar.
Sjå resultatpresentasjon og oppdatering direkte frå klokka 10.00 eller i opptak seinare ved å klikke på denne lenka.
Vil satse vidare
Tidlegare i november sende Arctic Bioscience ut ei melding om «statistisk signifikante» verknader av det silderognbaserte produktet sitt mot hudsjuksomen psoriasis.
Målet har vore å få godkjent middelet som eit legemiddel, men ein større medisinsk studie skuffa då dei første resultata kom i fjor, ved at også testpersonar som berre tok eit narremiddel fekk positive utslag.
Dei meir detaljerte funna frå studien oppmuntrar selskapet om å gå vidare, mellom anna for å få med partnarar for å finansiere utvikling og ytterlegare studiar:
«Disse nye funnene, som viser potensialet til HRO350 for å redusere betennelse, er av betydelig verdi for Arctic Bioscience. Dataene styrker en videreutvikling innen mild-til moderat-psoriasis, samt potensialet for generelle effekter på betennelse som kan styrke vår HRO350-ressurs. Funnene fra disse analysene vil også være viktige når vi nå går inn i kommersielle dialoger med potensielle partnere. Tidlig i november deltok vi på BIO Europe i Wien og holdt et stort antall møter med aktører i bransjen, og vi fikk positiv tilbakemelding på resultatene og statusen vår», seier dagleg leiar Christer Valderhaug i Arctic Bioscience børsmeldinga.
| Arctic Bioscience as | ||
| 3. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 9,6 | 11,1 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving | -7,8 | -8,4 |
| Arctic Bioscience as | ||
| Per 3. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 28,3 | 28,3 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving | -21,4 | -29,4 |
Publisert: 10.11.2025 08:28
Sist oppdatert: 14.12.2025 09:15






