Nytt
Ketil Solvik-Olsen inn i Rufo-eigar
Tidlegare samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har fått klarsignal for å bli styremedlem i Rufo-eigar Steinnes og Krøvel.
21.12.2018
Sidan Ketil Solvik-Olsen nyleg slutta som samferdselsminister må han varsle Karantenemnda ved Statsministerens kontor om nye verv og jobbar for å sikre at han ikkje utnyttar si tidlegare stilling på ein måte som er i strid med regelverket.
16. november fekk han tommelen opp for å bli styremedlem i Steinnes og Krøvel as, går det fram av saksdokumenta til Karantenenemda.
Knut Steinnes er største eigar i Steinnes og Krøvel og dagleg leiar i Rufo. Han seier at han førebels ikkje har nokon kommentar til at Solvik-Olsen er klarert for styremedlemskap i Steinnes og Krøvel as.
I følgje Brønnøysundregisteret er Solvik-Olsen pr. i dag ikkje registrert som styremedlem i Steinnes og Krøvel.
Målet til selskapet er å skape ei internasjonal merkevare med sine 60-100 fots yachtar.
Solvik-Olsen hadde ingen plan for kva han skulde halde på med i USA, bortsett fra å skjøtte vervet som nestleiar i Frp. Men nyleg fekk han jobb som sjef for flyskulen OSM Aviation Academy, som utdannar pilotar til pilotutleigeselskapet OSM Aviation, . Også den jobben er klarert med Karantenemnda.
16. november fekk han tommelen opp for å bli styremedlem i Steinnes og Krøvel as, går det fram av saksdokumenta til Karantenenemda.
Ingen kommentar
Steinnes og Krøvel eig transportkasseprodusenten Rufo, Krovel Yachts og Krøvel Marine.Knut Steinnes er største eigar i Steinnes og Krøvel og dagleg leiar i Rufo. Han seier at han førebels ikkje har nokon kommentar til at Solvik-Olsen er klarert for styremedlemskap i Steinnes og Krøvel as.
I følgje Brønnøysundregisteret er Solvik-Olsen pr. i dag ikkje registrert som styremedlem i Steinnes og Krøvel.
Utviklar yacht
Det heileigde datterselskapet Krovel Yachts arbeider for å få bygd ein eigenutvikla yacht. For to år sidan var målet å ha yachten klar i 2018, men lanseringa er utsett.Målet til selskapet er å skape ei internasjonal merkevare med sine 60-100 fots yachtar.
Flytta til USA
Solvik-Olsen slutta som samferdselsminister tidlegare i år og flytta til USA, der kona har fått arbeid på eit sjukehus.Solvik-Olsen hadde ingen plan for kva han skulde halde på med i USA, bortsett fra å skjøtte vervet som nestleiar i Frp. Men nyleg fekk han jobb som sjef for flyskulen OSM Aviation Academy, som utdannar pilotar til pilotutleigeselskapet OSM Aviation, . Også den jobben er klarert med Karantenemnda.
Publisert: 21.12.2018 06:00
Sist oppdatert: 14.04.2023 12:04