Kick off for Groenlandsprosjekt
NYE ARTAR: Makrell har dukka opp i aust-grønlandske farvatn, der den tidlegare var ein ukjent art. Møreforsking leier arbeidet med å finne ut kvifor. 
Nytt

Kick-off for Grønlandsprosjekt

Møreforsking markerer starten på mangeårig internasjonale forskningsprosjekt på Grønland.

19.01.2016
Møreforsking skal kartlegge økosystemet utanfor Aust-Grønland, og blant anna måle verknaden av høgare temperaturar og større avsmelting av innlandsisen.
I morgon, onsdag 20. januar, markere Møreforsking starten på prosjektet med ein ettermiddagskonferanse i på Scandic Parken i Ålesund.
Prosjektleiar Agnes Gundersen frå Møreforsking skal leie prosjektet, som kostar 26 millionar kroner.

Største nokon gong

- Det er det største einskildprosjektet vi har hatt, seier Gundersen.
(Eit prosjekt for å er større, men der har ikkje Møreforsking ei like stor rolle, sjølv om det er Møreforsking som leier også det arbeidet)
Totalt vil 15-20 forskarar vere i sving på heil og deltid i Grønlandsprosjektet fram til 2019. Fire-fem av dei kjem frå Møreforsking.
Det norske utanriksdepartemente har løyvd 15 millionar kroner for å finansiere arbeidet. I tillegg legg forskingsinstitusjonar frå Tyskland, Danmark, Island, Grønland og Noreg inn tid og ressursar, slik at heile prosjektet kjem opp i 26 millionar kroner.

Er i gang

Markeringa i morgon er eigentlig på etterskot, arbeidet med prosjektet start alt ifjor haust.

Det nye er mellom anna at forskarane skal sette saman historiske data frå fleire land. Saman med ferske data frå nye tokt skal dei svare på kva som er årsaka til at det dei siste åra har dukka opp heilt nye artar i Aust-Grønlandske farvatn. Makrell, som tidlegare var ein ukjent fisk, kom for to tre år sidan i store mengder.

Samfunnsvitenskap

Prosjektet vil omfatte fleire fag, ikkje berre naturvitenskap.
Nye fiskeslag utfordrar gjeldande forvaltningregime, og ein del av prosjektet vil gå ut på å vurdere korleis nye fiskeslag i Grønlandske farvatn skal forvaltast.

Publisert: 19.01.2016 15:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52