Ivar Slettevoll ville at Sanco Group i Gjerdsvika i Sande skulle bygge nytt seismikkskip, men vart nedstemt av eit samrøystes styre i fjor haust.
Det var årsaka til at han trekte seg som sjef for konsernet ved årsskiftet 2024/2025, seier Slettevoll til Nett No.
No er Slettevoll tilbake - ikkje som konsernsjef, men som styreleiar - og som majoritetseigar, med omlag 56 prosent av aksjane.
Har betalt om lag 300 millionar
Han og ektefellen Bjørg Randi Steine Slettevoll eigde i utgangspunktet 38,2 prosent av Sanco Group gjennom sitt investeringsselskap, Charo.
Dei fekk kontroll med over halvparten av aksjene etter å ha kjøpt aksjane til selskap eigd av Ove Godø, Olav Godø, Sindre Røren, Oddmund Holm og familiemedlemar i Ålesund og på Godøya, samt aksjane eit selskap eigd av investoren Gert Steine på Lillehammer, ifølgje Slettevoll. Desse aksjonærane hadde ein samla eigarandel på 17,5 prosent.
Etter det Nett No har grunn til å tru er prisen om lag 300 millionar kroner.
Vil vekse vidare frå Gjerdsvika
– Å sikre at selskapet skal fortsette i Gjerdsvika, og at selskapet skal utvikle seg vidare og vere ein trygg og god arbeidsplass, seier Ivar Slettevoll om kvifor han kjøpte seg opp til aksjemajoritet i Sanco Group.
Å utvide flåten frå dagens seks seismikkskip er framleis målet, sjølv om maktskiftet framleis er for ferskt til at Sanco Group er klar til å bestille eit nybygg allereie no.
Sanco Group
Sanco Group er konsernselskapet i eit konsern med datterselskapa Sanco Holding og Sanco Shipping.
Sanco Holding er det skipseigande selskapet, og eig seks seismikkskip.
Den tekniske og kommersielle drifta blir gjort av det andre datterselskapet, Sanco Shipping.
– No er dette så nyleg skjedd at det (nybygg, red. merk) må vi jobbe med framover. Og om ein ikkje byggjer nytt kan det vere eit alternativ i bruktmarknaden, seier Slettevoll om korleis selskapet planlegg å utvide med fleire sklp.
På hovudkontoret i Gjerdsvika er det i dag 16 tilsette, og 310 personar har arbeidsplassen sin på skipa.
I fjor hadde konsernet 915 millionar kroner i driftsinntekt, eit resultat etter skatt på 330 millionar kroner og ein bokført eigenkapital på 2,3 milliardar kroner, ifølgje Slettevoll.
Ikkje planar om fleire kjøp
Ivar Slettevoll starta selskapet i 1996 saman med kona Bjørg og broren Bjarte Slettevoll.
Bjarte Slettevoll eig i dag 30,1 prosent i Sanco Group gjennom selskapet Bjartland. Selskapet In Motion med blant andre Hallvard Slettevoll på eigarsida, eig 8,1 prosent.
Ivar Slettevoll seier det ikke er noko avtale om at han skal kjøpe ut dei øvrige aksjonærane og han har heller ingen planar om ytterlegare oppkjøp i Sanco Group.
Publisert: 26.05.2025 13:56
Sist oppdatert: 07.08.2025 14:30






