Kjellen inn i shipping
KOMBI-FARTY: Skipet får plass til 150 passasjerar under fart. Det blir mellom anna utrusta med scene for Thomas Ryste (biletet) sine Klypa-show, der "Kjellen" er den mest kjende figuren. Som underhaldningslokale ved kai kan publikumskapasisteten aukast ut over passasjerkapasiteten. 
Nytt

"Kjellen" inn i shipping

Byggjer hos Vard.

05.07.2018
Thomas Ryste - mannen bak "Kjellen" skal bygge ein 34,5 meter lang båt med plass til 150 passasjerar. Prislappen er i underkant av 70 millionar kroner og målet er å ha den klar til bruk neste år.

Båten blir utrusta både for passasjertrafikk, men og som underhaldings- og konferanselokale ved kai - då med plass til eit større publikum enn når den er i trafikk.
Ryste offentleggjorde byggeplanane på Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta i dag.
Går alt som han håpar trykkjer deltakarane i prosjektet på startknappen innan to månader. Planlagt byggetid er 14 månadar.

Fleire partnarar

Thomas Ryste er ein av investorane i båtprosjektet. Han investerer i båten saman med Ida Rebbestad Ryste, gjennom deira felles selskap Thomas N. Ryste Holding.
Kven dei øvrige investorane er vil han førebels ikkje kommentere.

Publisert: 05.07.2018 11:43

Sist oppdatert: 16.03.2021 20:25

Mer om