Herøyhav og Gollenes ny
MAKRELL: Her kjem Herøyhav med 95 tonn makrell til Fosnavaag Pelagic. Rett bak kjem Gollenes med 70 tonn makrell. Dei har kort veg til feltet sidan fisket foregår ved Storegga. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Kjem med makrell frå Storegga

Det meste av makrellen vert tatt med trål.

05.11.2021

Makrellfisket foregår framleis ved kanten av Storegga. Til klokka 13:00 fredag var det Sildelaget innmeldt 17 fangstar på totalt 3042 tonn.

Sildelaget opplyser at makrellen har vore krevjande å ta med not, slik at dei fleste fangstane er tatt med trål.

Største fangsten fredag er tatt av Shetland-trålaren Antares på 1.010 tonn. Denne fangsten skal leverast til Pelagia Liavåg. Herøy-båten Teigenes har fredag meldt inn 310 tonn, som skal leverast til Olav E. Fiskerstrand.

Godt sildefiske
Samstundes har det vore godt fiske etter NVG-sild, eit fiske som i hovudsak har foregått på Tromsøflaket, men der det no også er sett sild på Lopphavet og i ytre deler av Kvænangen.

Hittil fredag er det innmeldt berre ein fangst. Det er Austevoll—båten Gerda Marie med 1270 tonn.

Makrell til Asia
Sjømatrådet opplyser at Norge eksporterte 56 900 tonn makrell til ein verdi av 853 millionar kroner i oktober. Så langt i år er det eksportrekord, sjølv om verdien i oktober i år fall med 347 millionar kroner, eller 29 prosent, samanlikna med oktober i fjor.

Så langt i år er det eksportert makrell for 4,7 milliardar kroner. Det er 1,1 milliardar, eller 31 prosent, meir enn i rekordåret 2020.

Japan, Sør-Korea og Kina var dei største marknadane for norsk makrell i oktober.

Beste på ti år
Når det gjeld sild eksporterte Norge nesten 50 000 tonn sild til ein verdi av 661 millionar kroner i oktober, som er den beste enkeltmånaden for sild på ti år.

Egypt, Tyskland og Polen var de største marknadene for norsk sild i oktober.

Publisert: 05.11.2021 13:15

Sist oppdatert: 05.11.2021 13:33

Mer om