Kjem med milliardar i krisepakke
VEGEN VIDARE: Statsminister Erna Solberg (t.v) og næringsminister Iselin Nybø deltek på pressekonferansen fredag som handlar om korleis Norge skal kome seg vidare etter koronakrise. Også barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og finansminister Jan Tore Sanner deltek.
Nytt

Kjem med milliardar i krisepakke

I dag legg regjeringa fram krisepakka som skal hjelpe Norge vidare etter koronakrisa. Følg pressekonferanse kl 12 og sjå kva som allereie er kjent. 

29.05.2020
(NPK-NTB-NETT.NO): Fredag klokka 12 har regjeringa pressekonferanse der dei legg fram nye krisetiltak. Tiltaka er omtala som «fase 3-pakka», som skal hjelpe næringslivet vidare etter den økonomiske nedturen som følge av koronakrisa.
(ekstern lenke)

Lønnstilskott og lengre kontantstøtte

Regjeringa kjem også med fleire forslag til tiltak som skal dempe dei negative konsekvensane for bedriftene.
Eitt lønntilskott har vore etterlyst, spesielt frå reiselivet. Det kjem på plass og dei tek tilbake frå permisjon. Tidleg fredag blei det også kjent at kompensasjonsordninga, også kalla kontantstøtte, .
Tidlegare i veka la næringsminister Iselin Nybø fram krisehjelp på då ho besøkte Langsten-verftet til Vard i Tomrefjord. Fredag kjem også fleire detaljar om denne pakka, men etter det NETT NO kjenner til, vil det ikkje kome meir pengar direkte til den maritime industrien.

Les også:



3,6 milliardar til grøn omstilling

I andre delar av krisepakka foreslår regjeringa å bruke 3,6 milliardar kroner på ein grøn omstillingspakke, skriv . Den skal støtte næringslivet og samtidig få ned klimagassutsleppa i Noreg. 2 milliardar kroner går til Enova under eit eige mandat.
– Dette vil særleg rette seg inn mot industrien og klimateknologi der, og så peikar vi ut nokre område der vi meiner det er særleg potensial. Det handlar mellom anna om leverandørindustrien og maritim næring, men nøyaktig kva prosjekt som får støtte, får ekspertane bestemme, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Tema som hydrogen, batteriteknologi, havvind og grøn skipsfart kan vere aktuelt, seier han.

Grøn konkurranseplattform

I tillegg blir det foreslått 1 milliard kroner over tre år til ei såkalla grøn konkurranseplattform. Denne skal vere eit samarbeid mellom tre andre statlege verksemder. Det første året får Forskingsrådet 192 millionar kroner, Innovasjon Noreg 102,5 millionar kroner og Siva 38,5 millionar kroner.
Desse pengane er meir retta inn mot forsking og utvikling. Samtidig kan det vere aktuelt for bedrifter å søkje pengar både i denne og Enova-ordninga. 600 millionar kroner går til andre tiltak.

Les også:





Publisert: 29.05.2020 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57