Nytt
Kjempekontrakt til Vard Brattvaag
Skal byggje kabelleggjar til 1,6 milliardar kroner.
29.04.2018
Vard Design har teikna, og Vard Brattvaag skal byggje det som vert karakterisert som verdas mest avanserte kabelleggjar.
Med utstyr, er prislappen heile 1,6 milliardar kroner på skipet som er bestilt av Prysmian Group.
Det opplyser Vard i .
Skroget skal byggjast ved Vard Tulcea i Romania, og så skal skipet ferdiggjerast ved Vard Brattvaag i løpet av fjerde kvartal 2020.
I tillegg til design og bygging, er ei rekkje av Vard sine dotterbedrifter involverte i leveranser av utstyr til det spesialkonstruerte skipet.
Ved hjelp av det nye skipet vil Prysmian kunne tilby kundane nøkkelferdige prosjekt, frå engineering, produksjon og installasjon, til overvaking og diagnostiske tenester.
Selskapet har meir enn 21.000 i tilsette i 50 land, og omsette i fjor for nærare 80 milliardar kroner.
Partane har inngått avtale om at Prysmian Group kan kansellere kontrakten, mot å betale kompensasjon.
Byggjearbeidet er planlagt å starte opp i slutten av året.
Med utstyr, er prislappen heile 1,6 milliardar kroner på skipet som er bestilt av Prysmian Group.
Det opplyser Vard i .
Ferdig i 2020
Skipet vert 172 meter langt og 34 meter breidt. Om bord vert det innreiing for heile 120 personar.Skroget skal byggjast ved Vard Tulcea i Romania, og så skal skipet ferdiggjerast ved Vard Brattvaag i løpet av fjerde kvartal 2020.
I tillegg til design og bygging, er ei rekkje av Vard sine dotterbedrifter involverte i leveranser av utstyr til det spesialkonstruerte skipet.
Store djup
Mellom anna skal kabelleggjaren kunne leggje kablar på meir enn 2.000 meter djupne, og utføre ei rekkje andre spesialiserte operasjonar.Ved hjelp av det nye skipet vil Prysmian kunne tilby kundane nøkkelferdige prosjekt, frå engineering, produksjon og installasjon, til overvaking og diagnostiske tenester.
Børsnotert
Prysmian Group er notert på den italienske børsen, og vert rekna som verdas største selskap innanfor legging av energi- og telekom-kablar.Selskapet har meir enn 21.000 i tilsette i 50 land, og omsette i fjor for nærare 80 milliardar kroner.
Partane har inngått avtale om at Prysmian Group kan kansellere kontrakten, mot å betale kompensasjon.
Byggjearbeidet er planlagt å starte opp i slutten av året.
Publisert: 29.04.2018 14:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21