Nytt
Kjempeutbygging i Ålesund: 150 leilegheiter på Volsdalsberga
Ulstein-selskapet Ulsmo Eiendom satsar over ein halv milliard kroner og byggjer 150 leilegheiter på den gamle slakteritomta på Volsdalsberga.
11.12.2013
- Ja, dette er nok ein av dei største leilegheitsutbyggingane i Ålesund og på Sunnmøre nokon gong, kanskje den største, seier adm. dir. Ingerid Ulstein i Ulsmo Eiendom.
Selskapet har nyleg avslutta ein arkitektkonkurranse der 23 av dei fremste arkitektane i Norge deltok. Fem gjekk vidare til finalerunden, der ein breitt samansett jury valde løysinga «Fri sikt» av Niels Torp Arkitekter i Oslo.
- Vi er veldig glade for at Niels Torp Arkitekter vann. Dette borgar både for kvalitet og nyskaping, seier Ulstein.
- Vi er sikre på at dette leilegheitsprosjektet vil løfte Ålesund som by, seier dei.
Dei 150 leilegheitene skal byggast i sju ulike bygg, der alle har ulik størrelse og er sette opp etter eit sakseprinsipp – kor ein i vest saksar fra høg til lav og i aust fra lav til høg. Dermed vert det også god utsikt frå dei ulike leilegheitene.
- Løysinga gjer at det vert optimale lys- og utsiktsforhold. Nesten alle vil kunne sjå sjøen, seier Ulstein.
Brandal seier at ein vil byggje ut i tre faser.
- Vi startar nærast sjøen og byggjer oss bakover. Dette vert best visuelt og praktisk.
Ved sjøkanten vert det ei allment tilgjengeleg promenade og ei sandstrand med avtrappingar på kvar side.
- Heile konseptet er bygt på opne løysingar, der vi inviterer folket inn.
Brandal og Ulstein seier at den endelege utforminga vert tilpassa interesse og behov.
- Vi har vald fleksible løysingar som gjer at vi kan tilpasse størrelse til behov. Men felles for alle er at det vert store altanar, høg standard, god arealutnytting og der det vert tilrettelagt for parkeringsplassar til alle i underetasjen.
Dei sju bygga vil ha store vindusflater og ytterveggane vil verte kledde med vedlikehaldsfrie plater.
- Denne satsinga kom midt i finanskrisa, og vi sleit litt med salet i starten. Men 2010 var alle leilegheitene selde, seier Ulstein.
- Nei, vi meiner dette er den mest attraktive tomta i Ålesund, 15-20 minutts spasertur frå sentrum og med utsikt til Borgundfjorden og Sunnmørsalpane.
- Vi ser også for oss ei vidare positiv utvikling i Ålesund, mellom anna med knoppskyting og nye bedrifter i dei komande faser av utviklinga ved Kunnskapsparken i Ålesund.
Brandal seier at ein håpar salsarbeidet kan starte i løpet av neste år.
- Først må vi få tomta omregulert fra industri- til bustadøremål. Parallelt vil prosjekteringsarbeidet pågå og når vi har oversikt over prosjektetkostnadene kan vi starte salsarbeidet. Forhåpentlegvis kan dette skje mot slutten av 2014, men vi snakkar nok 2017 før første byggetrinn står ferdig, seier han.
- Også her arbeider vi no med reguleringsplanen.
Selskapet har nyleg også avslutta eit større prosjekt i Ulsteinvik med sal av 44 leilegheiter i Reitengrenda.
- Her flaug leilegheitene regelrett vekk. Vi kunne truleg seld mange fleire, seier Ulstein
- Prosjektet på Voldsdalsberga rettar seg mot fleire målgrupper og vi har stor variasjon i størrelsene på leilegheitene, seier Ulstein.
- Men det finst alternativ like ved.
Like ved ligg også Color Line Stadion, og like bak leilegheitskomplekset er det ein åsrygg.
- Her planlegg vi å byggje ei allmenn trimløype med belysning, apparat og benkar.
- Vi legg opp til høg trivselsfaktor i dette prosjektet.
Selskapet har nyleg avslutta ein arkitektkonkurranse der 23 av dei fremste arkitektane i Norge deltok. Fem gjekk vidare til finalerunden, der ein breitt samansett jury valde løysinga «Fri sikt» av Niels Torp Arkitekter i Oslo.
Bjørvika og Aker Brygge
Niels Torp Arkitekter har vunne ei rekkje prestisjeprosjekt, og selskapet er mellom anna kjend for utbyggingar som Tjuvholmen, Aker brygge, Norsk Data, Bjørvika og Vikingskipet på Hamar. Nyleg vann selskapet også ein stor konkurranse i Shanghai.- Vi er veldig glade for at Niels Torp Arkitekter vann. Dette borgar både for kvalitet og nyskaping, seier Ulstein.
Løftar Ålesund som by
Saman med kollega Leif Gunnar Brandal i Ulsmo Eiendom, har Ulstein arbeidd med gigantprosjektet på Volsdalsberga sidan selskapet kjøpte den 10,5 mål store slakteritomta i 2010.- Vi er sikre på at dette leilegheitsprosjektet vil løfte Ålesund som by, seier dei.
Dei 150 leilegheitene skal byggast i sju ulike bygg, der alle har ulik størrelse og er sette opp etter eit sakseprinsipp – kor ein i vest saksar fra høg til lav og i aust fra lav til høg. Dermed vert det også god utsikt frå dei ulike leilegheitene.
- Løysinga gjer at det vert optimale lys- og utsiktsforhold. Nesten alle vil kunne sjå sjøen, seier Ulstein.
Tre faser
Det vert godt med plass mellom dei sju husa, der dei seks nærast sjøen har tre til åtte etasjer, medan eit tårnhus i bakkant har 14 etasjer.Brandal seier at ein vil byggje ut i tre faser.
- Vi startar nærast sjøen og byggjer oss bakover. Dette vert best visuelt og praktisk.
Ved sjøkanten vert det ei allment tilgjengeleg promenade og ei sandstrand med avtrappingar på kvar side.
- Heile konseptet er bygt på opne løysingar, der vi inviterer folket inn.
Frå 40 til 250 kvadratmeter
Leilegheitene vil variere i størrelse frå 40 kvadratameter for dei minste og i opp i 250 kvadratmeter for dei største i toppetasjene.Brandal og Ulstein seier at den endelege utforminga vert tilpassa interesse og behov.
- Vi har vald fleksible løysingar som gjer at vi kan tilpasse størrelse til behov. Men felles for alle er at det vert store altanar, høg standard, god arealutnytting og der det vert tilrettelagt for parkeringsplassar til alle i underetasjen.
Dei sju bygga vil ha store vindusflater og ytterveggane vil verte kledde med vedlikehaldsfrie plater.
Sleit i nabolaget
Ulsmo Eiendom har bygd 74 leilegheiter fordelte i fem ulike bygningar i Sjømannsvegen 17 like ved. Her tok det litt tid før alle leilegheitene vart selde.- Denne satsinga kom midt i finanskrisa, og vi sleit litt med salet i starten. Men 2010 var alle leilegheitene selde, seier Ulstein.
Attraktiv tomt
Ho er ikkje redd for å satse 500-600 millionar kroner i leilegheiter i ei tid då bustadprisane er på veg nedover.- Nei, vi meiner dette er den mest attraktive tomta i Ålesund, 15-20 minutts spasertur frå sentrum og med utsikt til Borgundfjorden og Sunnmørsalpane.
- Vi ser også for oss ei vidare positiv utvikling i Ålesund, mellom anna med knoppskyting og nye bedrifter i dei komande faser av utviklinga ved Kunnskapsparken i Ålesund.
Brandal seier at ein håpar salsarbeidet kan starte i løpet av neste år.
- Først må vi få tomta omregulert fra industri- til bustadøremål. Parallelt vil prosjekteringsarbeidet pågå og når vi har oversikt over prosjektetkostnadene kan vi starte salsarbeidet. Forhåpentlegvis kan dette skje mot slutten av 2014, men vi snakkar nok 2017 før første byggetrinn står ferdig, seier han.
Blindheim-satsing
Ulsmo Eiendom har siste åra satsa sterkt i Ålesund, og har i dag åtte kombibygg (butikk, kontor, lager, industri). I tillegg er ein i gang med planlegginga for bygging av 36 leilegheiter på Blindheimshaugen.- Også her arbeider vi no med reguleringsplanen.
Selskapet har nyleg også avslutta eit større prosjekt i Ulsteinvik med sal av 44 leilegheiter i Reitengrenda.
- Her flaug leilegheitene regelrett vekk. Vi kunne truleg seld mange fleire, seier Ulstein
- Prosjektet på Voldsdalsberga rettar seg mot fleire målgrupper og vi har stor variasjon i størrelsene på leilegheitene, seier Ulstein.
Trimløype
Ho opplyser at ein ønskte også å få flytebrygger for småbåtar ut mot Borgundfjoirden, men fekk nei på dette.- Men det finst alternativ like ved.
Like ved ligg også Color Line Stadion, og like bak leilegheitskomplekset er det ein åsrygg.
- Her planlegg vi å byggje ei allmenn trimløype med belysning, apparat og benkar.
- Vi legg opp til høg trivselsfaktor i dette prosjektet.
Vi er sikre på at dette leilegheitsprosjektet vil løfte Ålesund som by
Publisert: 11.12.2013 15:47
Sist oppdatert: 19.03.2021 09:48