Bilde 2022 02 21 093755
PRODUKT: Ålesund-selskapet har ei rekke produkt av både torsk og laks. Skjermdump frå heimeside.
Nytt

Stor vekst for Ålesund-selskap

Fiskeeksportør har tidobla omsetninga på tre år.

21.02.2022

Ålesund-selskapet Seawest veks fort. Selskapet driv med trading og produksjon av bearbeidde fiskeprodukt av kvitfisk og laks, og vart ifølgje Brønnøysundregistra starta opp av Stig Sætre i 2015.

I 2018 omsette selskapet for 30 millionar kroner. I 2021 kom omsetninga opp i 332,6 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på 26.0 millionar. Begge deler er solide hopp frå 2020.

Seawest
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 332,6 126,1
Driftsresultat 28 11,5
Resultat før skatt 26 11,4

Norge og Polen
Selskapet har produksjon både i Norge og i Nowe Skóroeo i Polen.

Ifølgje heimesida til selskapet produserer selskapet blant anna ei rekke lakseprodukt, i tillegg til toskefilet og torskeloins.

Liten organisasjon
Selskapet har fire årsverk, og selskapet opplyser på heimesida at selskapets viktigste aktiva er 25 års bransjeerfaring, ein liten effektiv organisasjon og førstehånds kunnskap om kva som skjer og finst i marknaden til eikvar tid.

"Dette gjer oss i stand til å vere ein leverandør som gjer kvardagen litt enklare for kundane våre. Så mange andre ambisjonar treng vi ikkje."

Seawest har ein samla eigenkapital på 28,1 millionar kroner og null i langsiktig gjeld.

Selskapet er heileigd av Stig Sætre.

Publisert: 21.02.2022 09:00

Sist oppdatert: 23.02.2022 13:50

Mer om