Kjendisinvestorar inn i Stig Remoeys krillsatsing
KRILL: Stig Remøy har fått med seg tunge aktørar til satsinga på krill.
Nytt

Kjendisinvestorar inn i Stig Remøys krillsatsing

Johan Odvar Odfjell, Roger Halsebakk og Jakob Hatteland har kjøpt 10 prosent av Stig Remøy-selskapet Rimfrost.

29.05.2020

Dette skriv Finansavisen.

Avisa meiner at nedsalet gir Stig Remøy rundt 100 millionar i kontantar med ei verdivurdering på Rimfrost på rundt ein milliard kroner.

Bergens-investoren Odfjell er fjerde generasjons shippingeigar og har investert i ei rekkje teknologibedrifter. Jakob Hatteland frå Nedre Vats er seriegründer, og vart milliardær etter salet av det robotstyrte lagersystemet Autostore, medan Roger Halsebakk har bygt opp brønnbåtselskapet Sølvtrans, som han styrer frå Ålesund.

No satsar trioen på krill saman med Stig Remøy, og etter det Finansavisen kjenner til har dei tre ein avtale om å kunne kjøpe seg opp til rundt 25 eigarskap i Rimfrost.

Halsebakk har gjort investeringa i Rimfrost gjennom sitt eige investeringsselskap Ronja Capital.

- Stor tru
Til Finansavisen seier investeringsdirektør Tore A. Tønseth i Ronja Capital at selskapet har stor tru på krill som produkt.

- Krill er ein enorm ressurs som i dag blir relativt lite utnytta. Vi ser store mulegheiter mot både humant konsum og industrielt bruk, seier Tønseth.

Rimfrost har i dag to konsesjonar for krillfiske i Antarktis og har utvikla eigne metodar for fangst og foredling av krill, som vert brukte i helsefremjande produkt for menneske, oppdrett og dyr.

Nybygg
Rimfrost har under bygging ein ny krilltrålar ved Westcon i Ølen, eit skip som vil koste over ein milliard kroner.

Det 120 meter lange skipet er designa av Kongsberg Maritime. Skroget er under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia, men skal utrustast ved Westcon.

Les her: Stig Remøy med storsatsing på krill


Publisert: 29.05.2020 16:16

Sist oppdatert: 06.08.2021 11:30