Kjetil Haanes er død
Kjetil Haanes døydde på Volda sjukehus fredag 16. juni, etter lengre tids sjukdom.
Kjetil var medgrunnleggar og ei drivande kraft bak etableringa og drifta av NETT NO, både som redaktør og styreleiar.
Hans store arbeidskapasitet, store kontaktnett, allsidige erfaring og evne til raskt å snu mismot til optimisme og finne løysingar i krevjande situasjonar, er ei vesentleg årsak til at NETT NO har utvikla seg til den posisjonen avisa har i dag.
Sjølv i sjukdomsperioden har Kjetil vore aktiv i NETT NO, heilt fram til det siste, med planar om korleis avisa skulle utvikle seg vidare.
Parallelt med ei lang journalist- og redaktørkarriere har Kjetil hatt eit stort humanitært engasjement og engasjement mot urett, både for einskildpersonar og generelt i samfunnet. Han var mellom anna styreleiar i Amnesty Norge i åra 2016-2020.
Han var og ein god og omsorgsfull ven for oss i NETT NO.
Vi vil minnast han med sakn og glede.
Publisert: 17.06.2023 12:00
Sist oppdatert: 17.06.2023 12:17