Meiner vindkraft oeydelegg fiskefelt
FISK FØRST: Erfaringane frå oljeutbygginga viser at det er råd å få til sameksistens mellom fiskeri og nye næringa, men fiskeri må prioriterast i ved arealkonflikter, etter Per Vidar Kjølmoen (Ap) si vurdering.
Nytt

Kjølmoen vil gi fiskeri forrang

Om dei negative konsekvensane blir store skal fiskerinteressen settast først, men Noreg har havområde nok også til havvindutbygging, meiner stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap).

21.01.2022

Kjølmoen representer Møre og Romsdal, er andre nestleiar i Stortingets næringskomite og næringspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet.

Han avviser at utbygging av havvind gjer straumen dyrare, slik avdelingsleiarane Espen Jacobsen og Nina Rasmussen i Fiskebåt skriv i eit innlegg i NETT NO.

I innlegget kjem dei to med sterk kritikk at korleis havvindutbyggingar til havs blir vurdert og avgjort og fryktar at viktige fiskebestandar blir sett i fare.

Sameksistens
- Vi meiner at havvind er interessant, vi meiner det er viktig for Noreg og med så store havområde som Noreg har må det vere mogleg å få til ein sameksistens, seier Kjølmoen.

Hans vurdering er at utbygginga av oljenstallasjonar til havs viser at det er råd å få til ein sameksistens, og at det kan lukkast også med utbygging av kraftproduksjon frå vindkraftanlegg til havs.

Men fiskeria skal ha forrang.

- Viss det er sånn at ein kjem i ein situasjon der havvind (-utbygging, red.merk) vil skape store konfliktar og store negative konsekvensar for fiskeria så må fiskeria få forrang, seier Kjølmoen.

Kjølmoen lovar og grundige vurderingar ved eventuelle framtidige tildelingar av nye område for utbygging av havvind.

- Ap er heilt einig med Fiskebåt i at eventuelle utbyggingar av havvind bør vere basert på grundig kunnskap , seier Kjølmoen.

Vil forske meir
- Vi har alt for lite kunnskap på havvind (vindkraftanlegg til havs, red. merk) på gyting, seier Ove Trellevik, stortingsrepresentant for Høgre i Vestland og medlem av energi og miljøkomiteen.

Dagens konsekvensutgreingar av havvindutbyggingar er ikkje gode nok, meiner Trellevik. Skal det opnast nye felt for utbygging må konsekvensane for fiskeria vere betre utgreidd og for å klare det må det første forskast meir for å få meir kunnskap.

Høgre vil auke løyvingane til Havforskingsinstituttet for å få kunnskapen Trellevik meiner manglar i dag.

- Det må meir grunnforsking til, seier Trellevik.

Kabelstopp
- Problemet som Fiskebåt tek opp er høgst relevant, seier Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet i Møre og Romsdal og medlem av næringskomiteen.

Ho er mot fleire kraftkablar som aukar overføringskapasiteten til utlandet. Det gjeld og dei såkalla hybridkablane, som vil gjere det råd å sende kraft frå vindkraftanlegg til havs også til Storbritannia og kontinentet.

Ideen om at norsk kraft skal vere med og dekkje etterspørselsauken etter elektrisitet i Europa samstundes som meir skal elektrifiserast i Noreg vil føre til ei omfattande og ikkje ønskjeleg nedbygging av norsk natur om den blir sett ut i livet, etter Klinge si vurdering.

- Viss Noreg skal bruke kvart minste fossefall og kvar ei havstrekning (til kraftprodukjson, erd. merk) så drep vi vår eigen natur, seier Klinge.

For regjeringa sin planlagde energikommisjon må berekraftperspektivet, også for fiskeria, vere sentralt når kraftutbygging til havs blir vurdert. Det er viktig at fiskerinæringa er med i den prosessen, etter Klinge si vurdering.

Publisert: 21.01.2022 13:19

Sist oppdatert: 26.10.2022 08:30