Nytt
Kjøparar i kø for småkraftverk
Kjøparar i kraftmarknaden prisar produksjonskapasiteten til Tryggestad Kraft til 90-110 millionar kroner.
19.05.2020
- Det ringer folk heile tida og skal kjøpe, seier småkraftgründer og -investor Trond Ryslett.
Han er dagleg leiar og styreleiar i fem samarbeidande kraftselskap i Austefjorden/Hjørundfjorden, med til saman 30 aksjonærar og ein samla gjennomsnittproduksjon på 52 GWh årleg. Ryslett er medeigar i fire av kraftverka.
Låge renter gjer at mange investorar kastar augene sine på andre investeringar, og det medverkar til å gjere norske kraftverk populære, meiner Ryslett.
Kraftproduksjonen blir prisa til 4-5 kroner per KWh i dei forespørslane som kjem, seier han.
Det betyr ein verdi på kraftproduksjonen på 90-110 millionar kroner, basert på dei forespørslane som Ryslett og hans partnarar får.
Men utbetalinga til Tryggestad Kraft-aksjonærane blir neppe like stor, fordi selskapet har ei langsiktig gjeld på 62 millionar kroner i følgje reknskapen for 2018, som er den sist tilgjenglege. Fråtrekt gjelda blir det 30-50 millionar kroner att til seljarane.
Pressemeldinga om salet har ingen opplysningar om kva Suomen Voima betalar.
Jan Ove Tryggestad, bonde og ordførar i Stranda, eigde 20,5 prosent før salet.
Dei andre eigarane var:Hans Hole (19,5 prosent)Tor Arne Tryggestad (12,59 prosent)Per Amund Hauso (10,54 prosent)Olav Hauso (10,53 prosent)Per Kjell Leite (9,76 prosent)Gunvor Larsen Frøysa (7,47 prosent)Janne Karin T. Granerud (4,69 prosent)Marianne Tryggestad (2,34 prosent)Sture Tryggestad (2,34 prosent)
Hellesylt Hydrogen Hub, med Flakk Gruppen i spissen, planlegg hydrogenproduksjon basert på straum på Hellesylt, mellom anna for å lage drivstoff til ei framtidig hydrogendriven ferje mellom Hellesylt og Geiranger.
Den mest aktuelle staden for hydrogenproduksjonen er ved Tryggestad Kraftverk sitt anlegg sa Knut Flakk i Flakk Gruppen til NETT NO i mars i år.
Han er dagleg leiar og styreleiar i fem samarbeidande kraftselskap i Austefjorden/Hjørundfjorden, med til saman 30 aksjonærar og ein samla gjennomsnittproduksjon på 52 GWh årleg. Ryslett er medeigar i fire av kraftverka.
Låge renter gjer at mange investorar kastar augene sine på andre investeringar, og det medverkar til å gjere norske kraftverk populære, meiner Ryslett.
Kraftproduksjonen blir prisa til 4-5 kroner per KWh i dei forespørslane som kjem, seier han.
90-110 millionar kroner
I pressemeldinga som er sendt ut i samband med at Tryggestad Kraft på Hellesylt er selt til det finske selskapet Suomen Voima står det at Tryggestad Kraft har ein produksjon på 22GWh.Det betyr ein verdi på kraftproduksjonen på 90-110 millionar kroner, basert på dei forespørslane som Ryslett og hans partnarar får.
Men utbetalinga til Tryggestad Kraft-aksjonærane blir neppe like stor, fordi selskapet har ei langsiktig gjeld på 62 millionar kroner i følgje reknskapen for 2018, som er den sist tilgjenglege. Fråtrekt gjelda blir det 30-50 millionar kroner att til seljarane.
Pressemeldinga om salet har ingen opplysningar om kva Suomen Voima betalar.
10 eigarar
Tryggestad Kraft as blei etablert i 2008 og har 10 eigarar, i følgje databasen Proff.no.Jan Ove Tryggestad, bonde og ordførar i Stranda, eigde 20,5 prosent før salet.
Dei andre eigarane var:Hans Hole (19,5 prosent)Tor Arne Tryggestad (12,59 prosent)Per Amund Hauso (10,54 prosent)Olav Hauso (10,53 prosent)Per Kjell Leite (9,76 prosent)Gunvor Larsen Frøysa (7,47 prosent)Janne Karin T. Granerud (4,69 prosent)Marianne Tryggestad (2,34 prosent)Sture Tryggestad (2,34 prosent)
Hydrogenproduksjon
Tryggestad Kraftverk ligg ved vegkrysset der vegen gjennom Norangdalen og Horningdal møtes, omlag fem kilometer frå Hellesylt.Hellesylt Hydrogen Hub, med Flakk Gruppen i spissen, planlegg hydrogenproduksjon basert på straum på Hellesylt, mellom anna for å lage drivstoff til ei framtidig hydrogendriven ferje mellom Hellesylt og Geiranger.
Den mest aktuelle staden for hydrogenproduksjonen er ved Tryggestad Kraftverk sitt anlegg sa Knut Flakk i Flakk Gruppen til NETT NO i mars i år.
Publisert: 19.05.2020 12:18
Sist oppdatert: 02.02.2022 11:40