Kjøper aksjemajoriteten i Global Fish
Sigurd Teige, Terje Teige, Birger Dahl og Jan Otto Hoddevik sel seg ut av det pelagiske industriselskapet.
I 2018 vart Lofoten Viking, med Nergårdkonsernet som majoritetseigar eigar av 40 prosent av aksjane i Global Fish gjennom ei kapitalutviding.
No kjøper eit selskap eigd av Nergårdkonsernet, Lofoten Viking og Geir Robin Hoddevik resten av aksjane frå Global Fish Holding for ein ikkje opplyst pris.
På seljarsida er fiskebåtreiarane Sigurd Teige, Terje Teige og Birger Dahl med familie, og brørne Jan Otto Hoddevik og Geir Robin Hoddvik.
Blir med vidare
Geir Robin Hoddevik blir med vidare, både som medeigar og dagleg leiar i Global Fish.
Med dette kjøper er Nergård-konsernet majoritetseigar i tre pelagiske industribedrifter.
På Værøy i Lofoten har Lofoten Viking eitt pelagisk anlegg, på Senja i Troms har Nergård-konsernet sitt eige anlegg og Global Fish har anlegg i Florø.
Sild, makrell, kolmule og lodde er pelagiske artar. Marknaden er både konsumprodukt og fiskemjøl og -olje.
Vil vekse
-Vi ønskjer å bli større på pelagisk, seier styreleiar Per Magne Grøndahl i Nergård-konsernet.
Grøndahl er dagleg leiar i Norsk Sjømat-konsernet på Stranda og eig selskapet 50/50 saman med Bjarte Tunold.
Norsk Sjømat eig 43,5 prosent i Nergårdkonsernet og er største eigar der.
Publisert: 04.12.2023 14:10
Sist oppdatert: 04.12.2023 14:11