Kjoeper opp Torghatten Wideroee fisjoneres ut
HOVDEN: Widerøe vil framleis vere på norske hender sjølv om det globale oppkjøpsfondet EQT har varsla bod på transportkonsernet Torghatten. 
Nytt

Kjøper opp Torghatten – Widerøe fisjoneres ut

Oppkjøpsfond vil kjøpe transportselskapet.

23.12.2020
(NPK-NTB): Oppkjøpsfondet EQT varslar at dei vil kjøpe alle uteståande aksjer i transportkonsernet Torghatten, utan flyverksemda melder og viser til pressemeldingar frå og Torghatten onsdag morgon.
Det globale oppkjøpsfondet med hovudkontor i Stockholm har varsla eit bod på 175 kroner per aksje i Torghatten. Det prisar selskapet til 7,26 milliardar kroner, skriv

Styret seier ja

Styret har einstemmig tilrådd at aksjonærane aksepterer bodet.
– Vi har sidan den første førespurnaden frå EQT hatt dialog med fleire interessentar, men tilbodet frå EQT verkar som det beste alternativet for eigarane og for Torghatten, seier styreleiar Brynjar Forbergskog i Torghatten ASA.

Skild ut som eige selskap

EQT planlegg å skilje ut WF Holding (som eig 66 prosent av Widerøe) og dele ut aksjane til Torghatten-aksjonærar ved å opprette eit nytt holdingselskap, Flyco, der aksjonærar i Torghatten vil få direkte eigarskap.
– For Widerøe inneber dette inga endring i situasjonen slik han er i dag. Vi vil framleis ha lokale og svært kapitalsterke eigarar i ryggen som har god kjennskap til bransjen generelt og selskapet spesielt. Dette er ein stor fordel for konsernet samla sett og gjer oss trygge på at vi skal få halde fram med å utvikle selskapet, seier administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe i ei pressemelding.
Det over 100 år gamle selskapet Torghatten er mellom anna største eigar i Widerøe, Norgesbuss og ei rekkje ferjelinjer, og har totalt rundt 7.000 tilsette.
(©NPK)

Publisert: 23.12.2020 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10