Kjoeper seg opp i Maritech
VEKST: Det som starta som Averøy Dataservice, eit lite it-selskap på Averøy, er i dag blitt til eit Maritech Systems med over 100 tilsette og 130 millionar kroner i driftsinntekter. Janne T. Morstøl er dagleg leiar i selskapet.
Nytt

Kjøper seg opp i Maritech

Investeringselskapet Broodstock Capital i Molde eig no 98 prosent i programvareselskapet Maritech System. Har investert for rundt ein halv milliard kroner i sjømatsektoren og skal investere omlag like mykje framover.

13.11.2019

- Det kjem ei ny investering allereie neste veke seier partnar Kjetil Haga i Broodstock Capital til NETT NO.

Då selskapet vart etablert i 2016 blei dei sagt at det skulle investerast om lag ein milliard kroner, med investeringsbeløp per selskap på rundt 100 millionar kroner. Så langt er har Broodstock investert i fem selskap, og er dermed omlag halvveg mot målet.

Broodstock Capital kjøpte 52 prosent i Maritech Systems i desember 2017 og aukar no eigarandelen til 98 prosent etter ha kjøpt aksjane til Midvest Fondene (36 prosent) og Bølgen Invest (10 prosent). Kjøpesummen er ikkje offentleggjort.

Då Broodstock Capital kjøpte aksjeposten på 52 prosent i 2017 anslo NETT NO at Maritech Systems vart verdsett til 60-70 millionar kroner.


Dobla selskapet

Maritech Systems har spesialisert seg på programvare og it-system for oppdrettsnæring, og har 100 til sette og samla omsetning på over 130 millionar kroner. Det er over dobbelt så store driftsinntekter som då Broodstock gjorde sitt første aksjekjøp i selskapet i 2017-

Broodstock sitt oppkjøp kjem like etter at Maritech Systems kjøpte programvareselskapet Timpex på Åndalsnes.

Maritech Systems har hovedkontor på Averøy - der selskapet blei grunnlagt - og kontor i Molde, Oslo, Harstad, Tromsø, Halifax i Canada og Seattle i USA.

Satsar på sjømat

Dei største aksjonærane i Broodstock Capital er Andresenfamiliens investeringsselskap Ferd og partnarane Jan Erik Løvik, Håkon Aglen Fredriksen, Kjetil Haga og Simen L. Bjørstad.

Selskapet har reindyrka ei satsing på selskap i sjømatsektoren og investere gjennom . I tillegg til aksjane i Martitech Systems er selskapet medeigar i Åkerblå, MPI, Billiund Aquaculture og NP Innovation.

Åkerblå driv med med helsekontroll av oppdrettsfisk, MPI leverer reingjeringsutstyr til oppdrettsnæringa, Billiund Aquaculture driv landbasert oppdrett i Danmark og NP Innovastion lagar vassfiltreringsutstyr.

Publisert: 13.11.2019 10:13

Sist oppdatert: 12.01.2022 12:43

Mer om