Kjoeper seg opp i ventilprodusent
GJERDSVIKA: Roger Gjerde (t.v.) sel seg ned til 40 prosent eigarskap av John Gjerde AS, medan Maron Sandvik og Bjørnar Kleiven kjøper 30 prosent kvar.
Nytt

Kjøper seg opp i ventilprodusent

Dagleg leiar Bjørnar Kleiven og teknisk sjef Maron Sandvik har kvar kjøpt 30 prosent av aksjane i John Gjerde AS.

26.10.2018
Aksjane er kjøpt frå Roger Gjerde og hans firma Johama.
Det skriv lokalavisa Vestlandsnytt fredag.
Roger Gjerde eigde tidlegare 100 prosent av aksjane i Gjerdsvik-bedfifta. Han vil sitje att med 40 prosent, og framleis vere styreleiar.
Gjerde gjekk av som dagleg leiar i mai i år.

Plattform-leveransar

Han opplyste då til NETT NO at etter eit tungt fjorår med raude tal, har det vore auka sal i 2018.
Selskapet har mellom anna fått oppdraget med å skifte ut 150 tanklufteventilar på Njord A-plattforma, i tillegg til at Equinor har valt bedrifta til å levere 64 store ventilar til Johan Castberg.
Selskapet har sal og produktutvikling i Gjerdsvika, medan mykje av produksjonen skjer frå Saldus i Latvia.

Publisert: 26.10.2018 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27