Oppdrettselskapet Salmon Evolution har fått klarsignal til børsnotering frå fredag 18. september. Selskapet er i gang med å bygge eit landbasert oppdrettsanlegg i Fræna.
Alle tilsette i selskapet er samla i Oslo komande fredag for å ringe børshandelen i gang, slik tradisjonen er når nye selskap blir tatt opp til notering på Oslo Børs,
Den store interessa tyder på at selskapet kunne fått inn pengane det ville ha, sjølv om dei nye investorane hadde fått ein mindre del av selskapet.
Med den kursen er selskapet verdsett til 1,1 milliardar kroner, men den store interessa for kapitalutvidinga tyder på at kursen vil stige ved børsnotering.
Alle tilsette i selskapet er samla i Oslo komande fredag for å ringe børshandelen i gang, slik tradisjonen er når nye selskap blir tatt opp til notering på Oslo Børs,
Kraftig overteikna
Salmon Evolution henta inn 500 millionar kroner i starten av september. Interessa for å bli medeigar i selskapet var så stor at Salmon Evolution kunne henta inn 3,2 milliardar kroner i kapitalutvidinga.Den store interessa tyder på at selskapet kunne fått inn pengane det ville ha, sjølv om dei nye investorane hadde fått ein mindre del av selskapet.
1,1 milliardar
Ved børsnotering er eigarskapen til Salmon Evolution fordelt på 220 millionar aksjar. Kursen ved kapitalutvidinga var fem kroner per aksjeMed den kursen er selskapet verdsett til 1,1 milliardar kroner, men den store interessa for kapitalutvidinga tyder på at kursen vil stige ved børsnotering.
Publisert: 15.09.2020 15:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02