Klar for gigantinvesteringa
VINDPARK: Statsminister Erna Solberg (H) på talarstolen under pressekonferansen i samband med Equinors søknad om støtte til Hywind Tampen. Ho skal fredag delta på overleveringa av planar for utbygging og drift. 
Nytt

Klar for gigantinvesteringa

Equinor og partnarane på felta Snorre og Gullfaks har tatt den endelege avgjerda om å investere i Hywind Tampen

11.10.2019
NPK-NTB: Dette blir den største flytande havvindparken i verda.
Hywind Tampen skal forsyne Gullfaks- og Snorre-felta i Nordsjøen med straum, og investeringa vil ligge på rundt fem milliardar kroner.
– Vi har jobba systematisk med flytande havvind i nesten 20 år. Avgjerda til Snorre- og Gullfaks-partnarane bidrar til å ta denne teknologien eit viktig steg vidare. Cirka 80 prosent av vindressursane i verda ligg på djupt vann, og flytande havvind kan spele ei viktig rolle i energiomstillinga. Dette inneber store moglegheiter for norsk industri, seier konsernsjef Eldar Sætre i Equinor.

2,3 milliardar frå Enova

Statsminister Erna Solberg (H) skal fredag delta på overleveringa av planar for utbygging og drift.
Statsføretaket Enova har tidlegare gitt tilsagn om støtte på rundt 2,3 milliardar kroner til utbyggarane.
Prosjektet kan gi meir enn 200.000 tonn i reduserte CO2-utslepp i året, tilsvarande utsleppa frå 100.000 personbilar. Parken vil bestå av elleve vindturbinar med ein samla kapasitet på 88 MW.

Publisert: 11.10.2019 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41